Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Didaktisk praksis i Holbergs Moralske Tanker

   
Cand. philol. Aslaug Nyrnes disputerer 9. november 2002 for dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga

"Det didaktiske rommet. Didaktisk topologi i Ludvig Holbergs Moralske Tanker".

Det blir hevda at Ludvig Holberg var ein dårleg lærar. Like fullt reflekterte han i skrift over kulturutvikling og kunnskapsformidling, og han reflekterte over vilkår for slik formidling. Nyrnes si avhandlinga er ei tekstfilosofisk gransking av den didaktiske dimensjonen i Moralske Tanker (1744), ei samling tekstar frå den seine produksjonen til Holberg.

Avhandlinga syner korleis det didaktiske viser seg i eit mangfald av språklege komposisjonsmønster, som ofte syner seg i detaljar. Tekstane består av eit register av logisk-argumentative, forteljande og poetiske grep som utgjer det som blir kalla ein topologi, eller, om ein vil, eit kulturelt ordna system for å forstå vilkår for læring.
Avhandlinga søkjer å beskrive dette språklege mangfaldet, og gir på den måten eit bidrag til korleis didaktikk kan vere ein retorisk grunnlagd teori for læring og kulturforståing. Det blir utvikla eit praktisk og teoretisk grep for å studere slik topologi, mellom anna ved at problemorienteringa er bygd inn i den forma avhandlinga har fått. Gjennom å reflektere over måtar å bevege seg i språket på når ein arbeider med kunnskapsutvikling, bidrar avhandlinga til humanioras vitskapsteori.

Personalia:
Personalia: Aslaug Nyrnes (1953) er oppvaksen i Lom. Ho er utdanna ved Universitetet i Trondheim og Universitetet i Bergen, med cand.philol.-eksamen frå Nordisk institutt, UiB i 1981. Frå 1982 har ho vore tilsett ved Bergen lærarhøgskole / Høgskolen i Bergen, Avdeling for lærarutdanning, frå 1991 som førsteamanuensis. Arbeidet er finansiert gjennom stipend frå Norges Forskningsråd og Høgskolen i Bergen 1994-1997.

Tidspunkt og sted for disputasen:
09.11.2002, kl. 10:15, Auditorium A, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersoner:
Aslaug Nyrnes, Tlf 55 585703 , epost: aslaug.nyrnes@hib.no
Informasjonsavdelingen v/ mediekontakt Margareth Barndon, tlf. 55 58 90 34 (a),
epost: margareth.barndon@info.uib.no

Avhandlingen kan lånes på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side
.