Universitetet i Bergen : Doktorgrader

NY DOKTORGRAD

Lyd i mediene

   
Cand. philol. Lars Nyre disputerer laurdag 31. mai 2003 for dr.art-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

"Fidelity Matters. Sound Media and Realism in the 20th Century".

I over hundre år har menneska omgitt seg med snakking på radio, musikk frå plate, telefonsamtalar, film- og fjernsynslyd, etc. Mediert lyd er ein viktig faktor i kultur- og kvardagslivet på grunn av sin emosjonelle appell, store tilgjengelegheit og låge offentlege profil.

Lars Nyre har skrive ei breitt anlagt historie om dei teknologiske og sosiale prosessane som inngår i lydleg kommunikasjonen. Han skildrar ei viss kjensle av verkelegheit som journalistar og produsentar i lydmedier alltid har forsøkt å skapa. Fokuset på lyd gjorde at stemmer, personleg nærvere og musikk vart sentrale verkemiddel i offentlegheita, og sterke kjensler av identifikasjon og sosialt fellesskap oppstod. Desse stemningane er teknologisk og retorisk oppbygde, noko Nyre analyserer i historie og notid.

Fidelity Matters kviler på førtifire eksempel frå plateindustri og radiodrift gjennom århundret (vedlagt på CD). Her er Enrico Caruso frå 1901 og Harry Brandelius frå 1938, skuleradio frå Voss i 1934 og Bing Crosby i the Kraft Music Hall i 1943, amerikansk psykedelia og technopop, Margrete Holt i Trondheim og Dr. Joy i New York. Nyre legg mindre vekt på nasjonale og sosialhistoriske forhold enn på det teknologiske og retoriske handverket for lyd. Nyre sitt viktigaste ærend er imidlertid å forstå den djupe eksistensielle rolla som mediert lyd har i folk sine liv.

Personalia:
Lars Nyre (født 1969) er frå Voss. Han er cand. philol. fra Universitetet i Bergen (1997) og er tilknytt Institutt for medievitskap, UiB og Avdeling for mediefag i Volda. Frå hausten 2003 vert Nyre postdoktor ved UiB med finansiering frå Norges forskingsråd.

Tid og stad for prøveforelesninga:
31.05.2003, kl. 09:15. Oppgitt emne: "The impact of technology on musical performance. A critical case study of Glenn Gould with sound examples".
Sted: Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9.

Tid og stad for disputasen:
31.05.2003, kl. 12:15, Auditorium B, Sydneshaugen skole, Sydnesplass 9

Kontaktpersonar:
Lars Nyre, tlf. 55382910 og 908 58 123 , epost: lars.nyre@media.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Ingunn Vie Skare, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: ingunn.skare@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det historisk-filosofiske fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.


Offisiell side