Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2006

NY DOKTORGRAD

Ei lærarutdanning i endring

Knut Steinar Engelsen   

Cand.polit. Knut Steinar Engelsen disputerer fredag 1.12.2006 for dr.polit.-graden med avhandlinga:

”Gjennom fokustrengsel. Lærarutdanninga i møte med IKT og nye vurderingsformer”

Som deltakar i det nasjonale endringsprosjektet PLUTO (2000-2003) gjekk lærarutdanninga ved Høgskolen Stord/Haugesund gjennom omfattande endringar. Desse endringane var først og fremst knytte til meir bruk av IKT (Informasjons og kommunikasjonsteknologi), meir studentaktive læringsmåtar, meir samgang mellom praksis og teori, og meir bruk av mappebaserte lærings- og vurderingsformer. Engelsen sin studie er ein analyse av dei erfaringane som vart hausta gjennom denne endringsprosessen. Analysen fokuserer spesielt på koplinga mellom IKT og mappebaserte lærings- og vurderingsformer.

Med støtte i eigen empiri og nyare forsking på området, konkluderer Engelsen sin studie med at dersom IKT skal spele ei viktig rolle i eit læringsmiljø, er det viktig først å skape legitimitet for teknologien gjennom den ordinære faglege aktiviteten, og faga sine norm- og verdisett. Slik legitimitet synes først å bli skapt når aktørane, på ein ekte måte, opplever IKT som nyttig i lærings- og undervisningsarbeidet. Ein naturleg konsekvens av dette er at opplæring på bruk av IKT-reiskapar må ha eit langsiktig perspektiv, og knytast nært opp til dei faga og den læringsaktiviteten reiskapane skal nyttast i. I dette ligg også at isolerte kurs i bruk av IKT-reiskapar, frigjort frå den ordinære faglege konteksten, synes å ha liten effekt.

Engelsen konkluderer vidare i analysen sin med at det synes å vere svært viktig at dei vurderingsmåtane som vert nytta, spelar saman med og bygger opp under dei pedagogiske endringsprosessane. Erfaringar frå lærarutdanninga ved Høgskolen Stord/Haugesund tyder på at mappebaserte lærings- og vurderingsformer, under visse vilkår, kan spele godt saman med studentaktive læringsformer og intensiv bruk av IKT.

Personalia:
Knut Steinar Engelsen kjem frå Stord. Han tok hovudfagseksamen i Pedagogisk informasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen i 1993. Sidan 1986 har Engelsen vore tilsett i faglege og administrative stillingar innan lærarutdanninga ved Høgskolen Stord/Haugesund. Han er no førsteamanuensis i IKT i læring. PLUTO-prosjektet vart finansiert av dåverande Utdannings- og forskningsdepartemetet (UFD), gjennom Forsknings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU).

Tid og stad for prøveforelesninga:
30.11.2006, kl. 15:15. Oppgitt emne: "Drøft hvordan ulike typer av kvalitative data kan analyseres; etnografiske data og interaksjonsdata, og hvilke konklusjoner som kan trekkes ut fra ulike datatyper".
Sted: Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1

Tid og stad for disputasen:
01.12.2006, kl. 10:15, Ulrike Pihls hus, Professor Keysersgt. 1

Kontaktpersonar:
Knut Steinar Engelsen, tlf 53 49 14 31 / 971 88 380, epost: kse@hsh.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Det samfunnsvitskaplege fakultetsbibliotek. Avhandlingen er elektronisk tilgjengelig her: http://hdl.handle.net/1956/2008. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.