Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2007

NY DOKTORGRAD

Professjonaliseringa i dansknorsk rett på 1700-talet

Jørn Øyrehagen Sunde   
Cand. jur. Jørn Øyrehagen Sunde disputerer laurdag 16. juni 2007 for dr. juris-graden ved Universitetet i Bergen, med avhandlinga:

”’Fornuft og Erfarenhed” – framveksten av metodisk medvit i dansknorsk rett på 1700-talet”

Tema for avhandlinga er korleis dansknorsk rett endra seg i løpet av 1700-talet etter det vart formulert og tatt i bruk ein dansknorsk juridisk metode. Ein slik metode vart fremma gjennom to lover av 1735 og 1736. I 1735 vart det innført ei ordning med obligatorisk appell og offentleg forsvarar i alle alvorlege straffesaker. På det viset vart underretten kontrollert av overretten, og dommar og påtalemakt vart kontrollert av forsvararen i alvorlege straffesaker. Slik vart det bygd ut ein kontrollstruktur som skulle få full effekt etter det i 1736 vart innført eit krav om juridisk embetseksamen for alle dommarar, forsvararar og embetsmenn innan påtalemakta. Gjennom eksamenskravet måtte alle vordane juristar for fyrste gong setja seg inn i både lovverk og juridisk litteratur, og slik kom dei og til å tileigna seg ein juridisk metode som dei sjølve nytta i sin juridiske praksis, og som dei kontrollert av andre òg nytta. Juridiske kandidatar er framleis den viktigaste fora for spreiing av ny juridisk kunnskap og innsikt i rettssystemet.

Den metoden som jusstudentar i byrjinga tileigna seg var ikkje eksplisitt formulert, men var den metoden som implisitt framgjekk av lover og den juridiske litteraturen. Men frå midten av 1700-talet kom professor Peder Kofod Ancher til å skapa og formulera ein særeigen dansknorske juridisk metode i skjeringspunktet mellom systemtenkinga til den tyske filosofen Christian Wolff, og den historisk-sosiologiske tilnærminga til den franske juristen og intellektuelle Charles Montesquieu. Resultatet vart ein juridisk metode der logisk samanheng og stringens etter ein a priori gjevne mal vart justert av generaliserte empiriske observasjonar. Slik vart både fornuft og faktisk erfaring kjernen i den dansknorske juridiske metoden frå midten av 1700-talet, og ein kan spørja om dette framleis er essensen av norsk juridisk metode.

Den metoden som Peder Kofod Ancher skapte og formulerte vart effektivt spreidd gjennom ei stadig veksande mengde juridiske kandidatar. Nye lover vart strukturert i tråd med den nye juridiske metoden, og ein eksplisitt formulert juridisk metode vart fremma gjennom den juridiske litteraturen. Ein studie av 617 rettssaker frå Alta tingkrins i Finnmark og Rosendal birk i Hordaland viser vidare at den juridiske metoden kom til å endra rettspraksis. Dette skjedde både gjennom at eksisterande lover vart tolka og nytta annleis i lys, og at lovtomme rom vart fylt ved hjelp av den nye juridiske metoden. Enno viktigare var det at bruken av ein juridisk metode gjorde det mogeleg å realisera intersubjektivitet, det forutbereknelege og likskap for retten som rettsstatsverdiar, og marginalisera det vilkårlege elementet ved rettsbruken. Dette er framleis kjerneføremålet med den juridiske metoden.

Personalia:
Jørn Øyrehagen Sunde er fødd i Kvinnherad i 1972, vart cand.jur. i 1999 ved Det juridiske fakultet i Bergen, og har deretter arbeidd ved Statsarkivet i Bergen og Det juridiske fakultet i Tromsø før han kom tilbake til studiestaden for å avsluttar doktorgradsarbeidet sitt i 2004. Sunde er i dag fyrsteamanuensis ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Tid og stad for prøveforelesinga:
15.06.2007, kl. 14:15. Oppgitt emne: ”Praecognita iuris – et dannelsesprogram i 1700-tallets rettsvitenskapelige litteratur”
Stad: Auditorium 2, Det juridiske fakultet, Magnus Lagabøtes plass 1

Tid og stad for disputasen:
16.06.2007, kl. 10:15, Auditorium 2, Det juridiske fakultet, Magnus Lagabøtes plass 1.

Kontaktpersonar:
Jørn Øyrehagen Sunde, tlf. 55 58 97 54, epost: jorn.sunde@jur.uib.no
Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Monika Sandnesmo, tlf. 55 58 91 70 (a), e-post: monika.sandnesmo@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for juridiske fag. For kjøp/bestilling av avhandlinga kontakt kandidaten direkte.