Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

Mobbing på arbeidsplassen

Lars Johan Hauge   
Lars Johan Hauge disputerer tysdag 24. august for ph.d-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

”Environmental antecedents of workplace bullying: A multi-design approach”

Mobbing på arbeidsplassen har dei siste to tiåra blitt dokumentert som eit alvorleg problem for både tilsette og organisasjonar. Innafor arbeids- og organisasjonspsykologi har fenomenet i aukande grad blitt studert med tanke på utbreiing og konsekvensar for dei som blir utsette for mobbing. Trass i den auka forskingsinteressa mobbing har blitt vist både nasjonalt og internasjonalt veit ein mindre om kva faktorar og prosessar som verkar inn på at mobbing oppstår. Gjennom fire empiriske studier basert på svar frå norske arbeidstakarar har Hauge undersøkt rolla til arbeidsmiljøet for å kaste lys over kvifor mobbing oppstår på arbeidsplassen.

Hovudfunna frå avhandlinga viser at konfliktfylte arbeidsmiljøforhold og negative leiingsformer har klare samanhengar med mobbing. Arbeidstakarar som blir utsette for mobbing rapporterer generelt sitt arbeidsmiljø som meir negativt enn andre som ikkje blir utsette for mobbing. Vidare har arbeidstakarar som opplever konfliktfylte arbeidsmiljøforhold også ein auka sjanse for sjølve å utsette andre for mobbing. I tillegg viser funna at det er systematiske skilnader i utbreiing av mobbing mellom avdelingar. I avdelingar prega av negative arbeidsmiljøforhold rapporterer tilsette meir mobbing enn i avdelingar prega av meir positive arbeidsmiljøforhold.

Ein av hovudimplikasjonane av Hauge sitt doktorgradsarbeid er at ein saman med ei systematisk satsing på å fremme eit positivt arbeidsmiljø vil kunne redusere utbreiinga av mobbing på arbeidsplassen gjennom å aktivt handtere begge sider i mobbesituasjonar. Ei klar organisering av arbeidsplassen, god konflikthandtering og tydelege og konstruktive leiarar er viktige faktorar i dette arbeidet.

Doktorgradsarbeidet er gjennomført med professor Ståle Einarsen og professor Anders Skogstad som rettleiarar.

Personalia:
Lars Johan Hauge (fødd 1974) er utdanna Cand. San. frå HEMIL-senteret, Universitetet i Bergen i 2004. Hauge har i perioden 2006 til 2010 vore tilsett som stipendiat ved Institutt for Samfunnspsykologi, Det Psykologiske Fakultet, UiB, tilknytt Forskingsgruppe for Arbeidsmiljø, Leiing og Konflikt (FALK). Hauge er i dag tilsett ved Statens Arbeidsmiljøinstitutt i Oslo.

Tid og stad for prøveforelesinga:
24.08.2010, kl. 09:15. Oppgitt emne: “Discuss major theoretical models of climate and culture in organizations, and how these are relevant to the shaping of workplace bullying.”
Stad: Auditorium 130, Christiesgate 12, 1. etg.

Tid og stad for disputasen:
24.08.2010, kl. 10:30, Auditorium 130, Christiesgate 12, 1. etg.

Kontaktpersonar:
Lars Johan Hauge, tlf. 23 19 51 31, epost: ljh@stami.no
Mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), e-post:mia.kolbjornsen@form.uib.no

Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for psykologi, utdanning og helse. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.