Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

Auka utvinning frå oppsprekte oljereservoar

Åsmund Haugen   
Åsmund Haugen disputerer for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen 17. juni med avhandlinga: “Fluid Flow in Fractured Carbonates: Wettability Effects and Enhanced Oil Recovery”

Energibehovet i verda er stadig aukande og olje og gass er framleis viktige energikjelder. Ein stor del av verdas gjennværande petroleumsressursar finst i oppsprekte olje- og gass reservoar. Sprekker og brudd i reservoarbergartar har stor innverknad på strøymingsmønster og utvinning. Grunnleggjangde kunnskap om korleis væsker og gass strøymer i slike oppsprekte reservoar er avgjernade for optimal utnytting av pertoleumsressurar.

Doktorgraden har fokusert på sprekker sin innverknad på oljeutvinning ved ulike fukteigenskapar for den porøse bergarten. Fukt bestemmer fordelinga av ikkje-blandbare væsker som vatn, olje og gass i porene i reservoarbergarten og har stor innverknad på utvekslinga av væsker mellom sprekker og bergart. Fukt er såleis ein viktig parameter ved utvinning frå oppsprekte reservoar. Dersom eit oljereservoar er oljefukta vil olje være fanga i bergarten av kapillærkrefter. Slike fuktforhold kombinert med sprekker medfører at vatn eller gass som injiserast strøymer gjennom sprekkene istaden for å fortrenge olja. Resultatet er låg utvinning der olja forblir fanga i reservoarbergarten. Doktrorgradsarbeidet har mellom anna undersøkt metodar for å auke oljeutvinninga i reservoar under slike betingelsar.

Arbeidet har bestått av laboratorieforsøk og numeriske simuleringar av vatn- og oljeinjeksjonar. Resultata viser korleis bergarten sin fukt og sprekkeigenskapar påverkar væskestrøyming og oljeutvinning i oppsprekte reservoar. Arbeidet har mellom anna resultert i forslag til bruk av integrerte utvinningsmetodar som i kontrollerte laboratorieforsøk auka oljeutvinninga frå 10% til over 80%. Det vart til dømes nytta mobilitetskontroll i sprekkane ved injeksjon av skum eller polymer gele, noko som kan lede strøyming av vatn eller CO2 inn i dei porøse bergartene og dermed auke oljeutvinninga.

Personalia:
Åsmund Haugen er født i 1983 og vaks opp i Samnanger i Hordaland. Han fullførte bachelorgraden sin i fysikk i 2005 og mastergrad i reservoarfysikk i 2007 ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen. Han begynte doktorgradsarbeidet i juli 2007. Arbeidet er finansiert av Noregs Forskingsråd og inngår i prosjektet ”Auka oljeutvinning frå oppsprukne karbonatreservoar”. Veiledar har vore Professor Arne Graue.

Tid og stad for prøveforelesinga:
23.04.2010, kl. 10:15. Oppgitt emne: ”Menneskeskapt lyd i havet og mulig innvirkning på sjøpattedyr”
Stad: Institutt for Fysikk og Teknologi, Allégaten 55, rom 546.

Tid og stad for disputasen:
17.06.2010, kl. 13:15, Auditorium 2 i Realfagsbygget, Allégaten 41.

Kontaktpersonar:
Åsmund Haugen, tlf :55 58 84 19, epost: asmund.haugen@uib.no
Mediekontakt Sigrid Sulland, tlf. 55 58 69 00 (a), e-post:sigrid.sulland@form.uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.