Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2010

NY DOKTORGRAD

Tredimensjonale partikkelsensorar gjer nytt eksperiment mogleg

Olav Torheim   

Olav Torheim disputerer 26. november for ph.d.-graden ved Universitet i Bergen med avhandlingen:

«Design and implementation of fast and sparsified readout for Monolithic Active Pixel Sensors»

Korleis ter materien seg ved moderate energiar og høg tettleik? Dei fleste kjenner nok allereide til LHC-akseleratoren på CERN, der partiklar smell ihop under høg energi og låg netto baryontettleik, og der resultatet er ein bratt overgang frå vanleg materie til eit plasma av kvarkar og gluon. Derimot veit ein enno ikkje korleis materien omdanar seg ved høg netto baryontettleik og moderat energi. Eit nytt eksperiment der ein systematisk endrar både energi og baryontettleik er difor under konstruksjon: Compressed Baryonic Matter, CBM.

Med CBM vert stuttlevande partiklar rekonstruerte på den måten at ein både finn det fyrste kollisjonspunktet der partikkelen vart dana, bakgrunnen, og det andre punktet der partikkelen bryt saman. For å få nok statistikk for alle partikkeldesintegrasjonane, hev CBM kollisjonsrata på 1 million kollisjonar pr sekund.

Når dei stuttlevande partiklane skal lokaliserast i tid og rom, trengst det pikseldetektorar med tidsoppløysing betre enn 2 mikrosekund, og med romleg oppløysing betre enn 5 mikrometer. På toppen av det heile fører den høge kollisjonsrata til at pikseldetektorane råkar ut for ein ovstor strålingsdose som normalt gjer skade på både detektor og elektronikk.

Stoda pr i dag er at ingen pikseldetektorteknologiar samstundes kan møta alle CBM-kravi for tidsoppløysing, romoppløysing og strålingsdose. Med slike tid- og romoppløysingar fær ein dessutan datamengder som tidlegare hev vore rekna som uhandterleg store. Heilt nye idear og konsept, både teknologisk og arkitektonisk, må difor til. Olav Torheim hev arbeidd med å utbetra CMOS-baserte pikseldetektorar til å møta kravi CBM-eksperimentet set. Dette inneber til dømes komplekse dataprosesseringsalgoritmar innebygde i kvar detektor, og nye teknologiar so som 3D-integrasjon av elektronikk, ein teknikk som gjev fridom til å byggja langt snøggare utlesingselektronikk enn det som hev vore moglegt for tradisjonelle pikseldetektorar.

Personalia:
Torheim er fødd i Bergen 25. august 1979. Han vart utdana høgskuleingeniør i datateknikk ved Høgskulen i Buskerud i 2003 og tok mastergraden i fysikk i 2005. Etter fullførd mastergrad hev Torheim arbeidd med elektronikkutvikling for satellittinstrumentering og med mikroelektronikkutvikling for høgenergifysikkeksperiment.

Tid og stad for prøveforelesinga:
22.10.2010, kl. 13:15. Oppgitt emne: ”Er elektromagnetiske felter farlige?”
Stad: Rom 292 Institutt for fysikk og teknologi, Allégaten 55

Tid og stad for disputasen:
26.11.2010, kl. 13:15, Auditorium 2, Realfagbygget, Allégaten 41

Kontaktpersonar:
Olav Torheim, Tlf: 0049 17632346964 (Tyskland), , epost: olaveth@gmail.com
Mediekontakt Gudrun Sylte, tlf. 55 58 91 70 (a),
epost: gudrun.sylte@uib.no

Avhandlinga kan lånast på Bibliotek for realfag. Avhandlinga er elektronisk tilgjengeleg i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlinga, kontakt kandidaten direkte.