Universitetet i Bergen : Doktorgrader : 2013

NY DOKTORGRAD

Leitar med laserlys etter løysinga på elektrongåta

Sigurd Askeland   

Sigurd Askeland disputerer fredag 27. september 2013 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Correlated ionization processes in atoms and molecules”.

Dei kjemiske eigenskapane til eit stoff er gitt av elektrona sin konfigurasjon i stoffet. Det er sjølvsagt av stor interesse å kunne forstå og manipulera dei kjemiske eigenskapane i ulike stoff, og nøkkelen ligg i å forstå elektrona. Elektrona er vanvitig små og lynraske, noko som gjer det utfordrande å avbilda eller manipulera dei. Det mest presise verktøyet ein har for å kontrollera eller avbilda elektron, er laseren. Laserlyset er sterkt og føreseieleg, og i nyare tid har ein klart å laga laserar som opererer på same tidsskala som elektrona.

Dette forskingsarbeidet handlar om korleis elektron påverkar kvarandre. Elektronvekselverknad er svært krevjande å modellera, og vert av den grunn sjeldan inkludert i atomære og molekylære simuleringar. Her vert små system studerte, nærare bestemt hydrogen, helium og det ioniserte hydrogen-molekylet. Ved hjelp av den lokale superdatamaskina Hexagon har Askeland modellert korleis desse atomære og molekylære systema reagerer på påverknaden av sterke laserpulsar.

Når ein skin laserlys på eit atom, kan atomet absorbera energi frå laseren og senda ut eit eller fleire av elektrona sine. Dette vert kalla fotoionisasjon. Tommelfingerregelen er at ein sterkare laser aukar sannsynet for ionisering. Når krafta frå laseren blir sterkare enn kreftene mellom elektrona og kjernen, kan eit fenomen kalla atomær stabilisering oppstå. Då vert ioniseringssannsynet mindre, sjølv om laseren blir sterkare. Dette er studert i stor detalj i Askeland sitt doktorgradsarbeid.

I tillegg ser han på dobbelionisering av helium. Med veleigna laserlys vert begge elektrona rivne laus frå kjernen, men berre dersom elektrona utvekslar energi. Dette systemet er ideelt for å utforska vekselverknaden mellom elektrona.

På grunn av den beskjedne storleiken er det mogeleg å gjera svært nøyaktige utrekningar på desse systema. Dei er i tillegg så oversiktlege at ein kan trekkja ut grunnleggjande informasjon om elektrona si oppførsel frå desse studiane.

Personalia:
Sigurd Askeland vart fødd i 1985, og kjem frå Utåker i Kvinnherad. Han fullførte ein master i optikk og atomfysikk ved Universitetet i Bergen i 2009. I perioden 2009-2013 har han vore stipendiat ved Institutt for fysikk og teknologi. Doktorgradsarbeidet er finansiert av Bergen Forskningstiftelse og Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.
Hovudrettleiar er Morten Førre, medrettleiar er Jan Petter Hansen.

Tidspunkt og sted for prøveforelesningen:
19.08.2013, kl. 10.15. Oppgitt emne: “Radiografi med kosmiske myon – Kan ein 'sjå' inn i pyramidar og vulkanar?”
Sted: Rom 292, Institutt for fysikk og teknologi.

Tidspunkt og sted for disputasen:
27.09.2013, kl. 13.15, Auditorium 2, Realfagsbygget.

Kontaktpersoner:
Sigurd Askeland, tlf. 930 68102 , e-post: sigurd.askeland@gmail.com

Mediekontakt ved Kommunikasjonsavdelingen
E-post: mediekontakt[ætt]uib.no
Telefon: 55 58 89 00

Avhandlingen kan lånes på Bibliotek for realfag. Avhandlingen er tilgjengelig i BORA. For kjøp/bestilling av avhandlingen, kontakt kandidaten direkte.