Artikkel: James Buchanan og det radikale høgre i USA
Alt-right-rørsla er på offensiven i USA. Ei omdiskutert ny bok fortel historia om det amerikanske radikale høgre, skriv Asbjørn Grønstad for Vox Publica.
Hovedinnhold
Det alternative høgre. Alt-right. Eit omgrep som på kort tid har glidd inn i daglegtalen, særleg sidan det amerikanske presidentvalet i november 2016 og terroren under Unite the Right-demonstrasjonen i Charlottesville, Virginia i august i år.
Mellom 24. og 27. september skulle foreninga The Berkeley Patriot ha arrangert ei såkalla Free Speech Week (FSW) på byens universitet, eit særs kontroversielt initiativ i etterdønningane av Charlottesville og det valdelege samanstøytet mellom Trump-tilhengjarar og Antifa i Berkeley i slutten av august. Den siste månaden har universitetsmiljøet førebudd seg på alt det denne veka ville innebere: avlyst undervisning, publisering av ei lang liste med gjenstander som ville vore forbudt å ta med på campus, og ein overhengande fare for utøving av vald.
Det er nærliggjande å sjå dette arrangementet som eit reint pr-framstøyt frå den profilerte alt-høgre-provokatøren Milo Yiannopoulos – ein av dei inviterte talerane – noko ein kommentar i avisa San Francisco Chronicle og har gjort (Yiannopoulos vart opphaveleg invitert i februar men føredraget vart då avlyst). Saman med han skulle og Donald Trump sin tidlegare rådgjevar Steve Bannon vore, samt kommentatoren Ann Coulter. Veka var delt inn i tematiske bolkar som «Feminism Awareness Day,» «Islamic Peace and Tolerance Day,» og «Mario Savio is Dead.»