Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Journaliststudentar ute i praksis

Journalistikk på ekte

Idar Stadheim er ein av tretten journaliststudentar som er ute i praksis dette semesteret. No har han vore tre veker i Firda, og synest det går over all forventing.

Hovedinnhold

- Dei har tatt godt imot meg i Firda. Allereie fyrste dagen var eg med ut på oppdrag for å gjera eit intervju til ”Ung og lovande”-spalta. Etter tre dagar fekk eg min fyrste heilt eigenskrivne sak på trykk, seier Stadheim. Dette betyr at Idar sjølv klekka ut idéen, og gjorde researcharbeidet også på eigenhand.

      Firda er ei dagsavis som også har ei omfattande nettsatsing, og redaksjonen er difor ganske stor. Dei 25 journalistane i avishuset i Firdavegen får godt skussmål hjå Stadheim.

      - Eg er med på alle morgonmøta, og får input frå kollegaene. Nyheitssjef Trond Jan Grimeland er ein slags mentor for meg, og les gjennom alle sakene før dei går i trykken. Det følest som eg jobbar på ekte, og får bidrege med noko. Det er viktig å opplevast som ein ressurs og ikkje ein byrde for avisa.

      Stadheim har fått fleire store oppslag på trykk, og det er naturlegvis tilfredsstillande. – Eg synest jo det er litt stas å troppa opp til intervju med ein pressefotograf i hælane. Sjølv om Brostein er ein viktig øvingsarena så er det lett å merka forskjellen mellom eit studentmedium og ei ekte avis når eg ringer til folk og introduserer meg som journalist i Firda. Då vert eg tatt på alvor, seier Stadheim.

      Idar Stadheim er oppvaksen i Førde, og dette gjorde Firda til eit naturleg ynskje som utplasseringsstad i praksisperioden. Dei fleste praksisstudentane får best effekt av å dra tilbake til stader dei har god kjennskap til frå før. Sjølv om han har budd i Bergen i fire år, og var litt rusten på det lokale saksfeltet, tok det berre ei veke eller så før Idar var inne att i det som skjer i Førde.

      Den lokale bakgrunnen hadde sitt å seia for at dagsavisa Firda bestemte seg for å ta imot Idar, vedgår redaksjonssjef Yngve Årdal. – Det er sjølvsagt ein fordel at han skriv nynorsk og kjenner byen og sakene godt. Me set pris på å få ein student som umiddelbart skjønar kva redaksjonell profil me har, seier Årdal.

      Journaliststudentane ved Infomedia er i utplassering i sitt sjette og siste semester, og skriv bacheloroppgåve når dei kjem tilbake til instituttet. UiB har fire studentar i MediaNorge representert ved Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Aftenposten, pluss fire i dei tunge kringkastingsstasjonane TV 2 og NRK, ein i Haugesunds Avis eigd av Edda Media, ein i Firda eigd av A-pressen, ein På Høyden eigd av UiB, ein i Journalisten eigd av Norsk Journalistlag og til slutt ein i den aller mest uavhengige avisa, nemleg Klassekampen som er eigd av AKP(ml).

      Alle studentane vert lønna med 40 % av begynnarlønna utifrå Journalistavtalen. Dette godet er uvanleg for praksisutplassering i resten av universitets- og høgskulesystemet, og har blitt forhandla fram over tid ved hjelp av journalistane sin sterke interesseorganisasjon.