Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Forsking på IKT og medier

Fornya satsing på IKT- og medieforsking

Eit vestlandsk nettverk for forsking på IKT og medier vart etablert i Bergen sist veke. Det nye nettverket skal stimulera til regionalt samarbeid om forsking på IKT og medier gjennom møteverksemd og pengestøtte.

Forskarar møtte næringslivet. Frå venstre: masterstudent Thomas Monsen og førsteamanuensis Yngve Lamo ved Høgskulen i Bergen, i samtale med Anders Waage Nilsen frå MediArena og Rune Smistad frå Bergen Media By
Foto/ill.:
Stig Sæbø Øvreås

Nettverket er organisert under paraplyen til UH-nett Vest, og om lag tredve forskarar frå dei medverkande institusjonane og næringslivet var samla til etableringsmøtet.

- Det dristigaste me kan gjera er å arbeida for ein vestlandsk Medielab, seier fyrsteamanuensis ved UiB Lars Nyre, som er leiar for det nystarta nettverket.

- Forskingsmiljøa innafor medier og IKT burde ha ein virtuell og etterkvart fysisk medielab der utstyr og andre tekniske ressursar kan delast, for då ville det vera mykje lettare å få i gang reelle forskingssamarbeid. Til dømes kunne små og mellomstore prosjekt utførast utan å måtta venta på eit stort ja eller nei frå NFR, meiner Nyre.

Nyre framheva kor viktig det er å rekruttera studentar til master og PhD innafor dette tverrfaglege området, og fekk støtte for denne prioriteringa blant anna frå førsteamanuensis Daniel Apollon ved Universitetet i Bergen. Apollon tok til orde for ei systematisk utveksling av rettleiarkrefter, og reisestipend til studentar og forskar slik at dei kan besøka dei andre samarbeidande institusjonane.

Også næringslivets rolle vart drøfta på etableringsmøtet. - Næringslivet har eit stort behov for terrfaglege kompetanse innafor programmering og innhaldsproduksjon, seier Anders Waage Nilsen i Mediarena. Han kjenner IKT- og mediebransjen på Vestlandet godt, og framheva spesielt utdanningane innafor nye medier og IKT-design ved UiB og Høgskulen i Volda.

Neste møte i nettverket finn stad under UH-nett Vest sitt symposium på Solstrand Fjordhotell 21. – 22. mars. Då vert det fokus på ein tiltaksplan der særleg den framtidige møteverksemda og rekruttering av medlemmer til nettverket skal takast opp. Dei medverkande institusjonane er Universitetet i Bergen, Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen Stord/Haugesund.

Foto under: Forskarar møtte næringslivet. Frå venstre: masterstudent Thomas Monsen og førsteamanuensis Yngve Lamo ved Høgskulen i Bergen, i samtale med Anders Waage Nilsen frå MediArena og Rune Smistad frå Bergen Media By.