Velkomen til Kritikkbloggen Peiling
Peiling er ein blogg om kritikk, kultur og offentlighet under Vox Publica - Instituttet sitt Magasin om demokrati og ytringsfrihet.
Hovedinnhold
Peiling utforskar vilkåra for kritikk og ein oppegåande kulturjournalistikk. Kulturjournalistikken definerer i stor grad det landskapet og dei klimatiske forholda kritikken lyt bevega seg i, der den lyt forsvara sin plass, og der den, som alltid opp gjennom historia, lyt endra og fornya seg, innta nye positurar og roller, bryta sjangerkrav og finna opp nye.
Vi inviterer til bidrag om kritikkens historie og institusjonalisering, og til analysar av kritikkens vilkår og situasjon i dag, generelt og innan dei ulike kunstartane. Ikkje minst ønskjer vi kulturjournalistiske bidrag – reportasjar, kommentarar og kritikkar, gjerne der ein prøver ut bestemte kritikarroller og eksperimenterer med etablerte sjangerkrav.
Med Internettet sine presentasjons– og koplingsmuligheter, med utvida rom for kontekstualisering og sjangermangfold, utvida rom for dialog og diskusjon mellom interesserte amatørar og profesjonelle kritikarar – innan Akademia og utanfor, så burde det vera lyse tider for kritikken, den journalistiske, den essayistiske og den akademiske, og alle dei blandingsformene som vil kunna oppstå når desse møtest i eit felles digitalt rom. Vi ønskjer oss òg bidrag om kulturproduksjonens politiske økonomi, om kulturpolitikk og kulturmarked.
Bidragsytarar til Kritikkbloggen Peiling har så langt vore studentar på masterkurset Kulturjournalistikk og kunstkritikk ved Institutt for informasjons– og medievitskap. Men alle — studentar, tilsette og andre — som er opptekne av korleis vurderingskriterier og verdsetjing i den kulturelle offentligheten inngår i identitets– og opinionsskapande prosessar med betydning for politisk og samfunnsmessig forståing og engasjement, dei er velkomne med bidrag.
Altså, føreta ei peiling, og gje oss lesarane peiling. Velkomen med bidrag.
Redaktør for Peiling er Karl Knapskog, universitetslektor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB. Ansvarlig redaktør: Leif Ove Larsen
Velkomen til Kritikkbloggen Peiling