Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Europeisk medieforsking

Styrking av publikums- og resepsjonsforsking

Eit krafttak er på gang innafor europeisk medieforsking. 1. mars 2010 vart ein ny medievitskapleg COST Action offisielt opna i eit høghus i Brussel.

Det er minst fire år sidan sist det medievitskaplege fagfeltet var finansiert av COST/ESF-systemet.

Det nye nettverket har namnet ”Transforming Audiences, Transforming Societies” og skal vara frå 2010 - 1013. Nettverket er meint å styrka publikums- og resepsjonsforskinga, og det er spesielt fokus på innflytelsen frå nye medier i alle sine former. Slike COST-aksjonar består av uformelle gruppemøte og tradisjonelle konferansar, og det er typisk 3-4 møte i året.

Sterke namn står bak den vellykka søknaden, blant anna Uwe Hasebrink (Tyskland), Nico Carpentier (Belgia), Klaus Bruhn-Jensen (Danmark), Lisbet van Zoonen (Nederland), Sonia Livingstone (Storbritannia) og Brian O'Neill (Irland). Nettverket har ei offisiell kobling til ECREA og seksjonen for Audience and Reception Studies. To unge europeiske forskarar skal leia arbeidet, nemleg leiar Geoffroy Patriarche (Saint-Louis-universitetet, Belgia) og nestleiar Helena Bilandzic  (Universitetet i Erfurt, Tyskland).

Lars Nyre ved Institutt for informasjons- og medievitenskap er medlem av Management Committee på vegne av Norge, saman med Tanja Storsul frå Universitetet i Oslo. Nyre og Storsul vil bidra med litteraturoversyn over norsk forsking på området, og vil også delta med papers frå sine pågåande forskingsprosjekt. Nyre vil i særleg grad arbeida med brukarorientert design av journalistisk innhold for mobiltelefon og andre nye medier (Demostasjon).

Planar blir no lagt for eit uformelt fagleg seminar hausten 2010 og ein stor konferanse våren 2011. Norske forskarar innafor publikums- og resepsjonsstudier er velkomne til å delta, og dersom budsjettet tillet vil deltakarane få reise- og opphaldsutgifter refunder. Ta gjerne kontakt med Lars Nyre på epost.