Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Ny publikasjon

Norsk Pressehistorie

Andre reviderte utgave av Norsk Pressehistorie er nå klar. Boken har nytt stoff om utenriksdekkning, nynorskpressen, bruk av illustrasjoner og lay-out, og nettaviser.

Boka gir ei oversiktleg framstilling av norsk pressehistorie frå dei første avisene i 1760-åra og fram til i dag. Forfattarane tek for seg pressestruktur, endringar i stofftype og vinkling, og profesjonaliseringa av journalistyrket og pressa generelt. Målet med boka er å vise korleis dagens pressestruktur har vakse fram, og hovudvekta i framstillinga er lagt på etterkrigstida, med avpolitisering av pressa, meir marknadsretta journalistikk og sterkare eigarkonsentrasjon.

Den reviderte utgåva har óg nytt stoff om utanriksdekking, nynorskpressa, bruk av illustrasjonar og lay-out, og nettaviser. Norske forhold blir sett inn i ein internasjonal kontekst, og ytringsfridommens skiftande kår er eit tilbakevendande tema gjennom heile framstillinga.


Rune Ottosen er professor i journalistikk ved Høgskolen i Oslo.
Lars Arve Røssland er førsteamanuensis i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
Helge Østbye er professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Norsk Pressehistorie - 2. utgave - Rune Ottosen - Lars Arve Røssland - Helge Østbye - SBN: 978-82-52177-70-1 - Samlaget - 2012