Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap

Sportsreporter i TV2

Helge P. Kalleklev har ein bachelorgrad i journalistikk og arbeider som reporter i TV2 Sporten. Her byrja han først å jobbe som ein del av praksis det siste studieåret. - Studiet var variert og vi fekk innblikk i mykje forskjellig innanfor feltet, seier han.

Hovedinnhold

Det beste er at eg er på jobb, utan at det naudsyntvis kjennest som ein jobb.

Kan du fortelja om arbeidet ditt som reporter i TV2 Sporten? Kva består arbeidsoppgåvene dine av?
Eg byrja å jobbe i TV2 Sporten som ein del av praksis i løpet av studiet. Vi søkte om praksisplass der vi helst ville jobbe, og eg fekk plass hos TV2 Sporten. Eg byrja å jobbe på nett og var i praksis i 8 veker. Undervegs fekk eg god oppfølging og tilbakemelding, så det var veldig kjekt.
I jobben min har eg hovudansvar for Premier League. Eg skriv nettsaker, dekkjer kampar, held kontakt med dei som er på TV og eg har òg jobba med TV sjølv. Sommaren 2012 blei TV2 Sport lansert, då arbeidde eg nesten berre med TV2 heile sommaren. Eg byrja på jobb kl. 6 om morgonen, men det er lett å motivere seg til når det er ein sånn jobb. Eg hadde også ein periode på 5 veker då eg var i Manchester som TV-mann. Det var hektisk, men kjekt. Eg var der då Alex Ferguson, Manchester Uniteds manager gjennom 26 år, gjekk av. Under eitt år etter at eg var ferdig med bacheloren, sto eg der utanfor Old Trafford og var live på TV2 Nyhetskanalen for første gong. Det var ein stor augneblink.

Kva er det beste med jobben din? Og kva er det mest utfordrande?
Det beste er at eg er på jobb, utan at det naudsyntvis kjennest som ein jobb. Eg ville jo sett på kampane uansett, men no får eg jo betalt for å dekkje dei. TV2 er ein av dei største på sportsnyhende, eg synst det er veldig kjekt å få vere med og levere dette til folk. I tillegg må eg seie at det er eit veldig godt miljø på TV2 Sporten, der folk også finn på ting saman utanfor arbeidstida.
I jobben min er det utfordrande kvar dag, men det er gøy at det er mykje som skjer. Det ville vore verre viss det ikkje skjedde noko. Fotballsupportarar er engasjerte og kritiske, så me får tilbakemelding med ein gong viss me skulle skrive noko feil. Men så skal me jo heller ikkje gjere feil.

På kva måte er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?
Eg var ute i arbeidslivet ein periode i løpet av studiet, då arbeidde eg i Rubicon i redaksjonen for TV-programmet «Golden Goal». Eg studerte litt undervegs, før eg flytta tilbake til Bergen for å gjere meg ferdig med det siste året på utdanninga mi. I løpet av studiet hadde vi mellom anna om etikk og portrettjournalistikk, i tillegg hadde vi også mykje praktisk. Studiet var variert og vi fekk innblikk i mykje forskjellig innanfor feltet. På journalistikk var vi ikkje så mange studentar på kvart kull, slik at vi var ein klasse. Det var ei veldig god erfaring å jobbe så tett med folk. Det siste studieåret hadde vi eit praksisførebuande emne, der vi dreiv ei nettavis. Vi var fordelt på redaksjonar og skreiv saker. I bacheloroppgåva mi skreiv eg dessutan om sportsjournalistikk, som jo er det eg arbeider med no.

Du var jo ute i arbeidslivet ei stund før du fullførte bacheloren din. Korleis syntest du overgangen var mellom studiar og arbeidsliv?
Då eg kom tilbake for å gjere ferdig det siste studieåret hadde vi mykje praksis, så det var ikkje så stor overgang tilbake til studiane igjen. Men det var litt uvant å gå tilbake til å vere seriøs student igjen etter å ha arbeida med eit humorprogram. Overgangen mellom studiar og journalistikk er ganske mjuk, sidan vi har praksisførebuande emne, praksis og bacheloroppgåve det siste året på studiet.
 
Kvifor valde du å studera journalistikk ved UiB?
Journalistikk var mitt førsteval, det var berre det studiet eg søkte på. Eg har alltid hatt interesse for å skrive og formidle, og eg visste at eg ville arbeide med sport. Då eg var liten sette eg meg som mål at eg skulle dra til VM utan å betale for det sjølv – altså skulle eg enten dra som spelar eller for å dekkje det. No er eg i midten av 20-åra og har allereie dekkja Premier League, så då var det kanskje ikkje så hårete målsetnad likevel.

Kva synst du var det beste med studietida ved UiB?
Det var flott å treffe så mange folk og jobbe tett med reelle arbeidsoppgåver. På studiet i journalistikk møter ein mange framtidige kollegaer. I TV2 er det mange som har erfaring med studentar frå UiB, og det er lettare å få jobb ein stad når dei har god erfaring der med dyktige UiB-studentar frå tidlegare.

Intervjuet av: Hanne Kvilhaugsvik