Hjem

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Grafikkutviklar/grafikar

Fredrik har ein bachelorgrad i nye medier: - Utdanninga eg tok ved UiB er relevant for meg på fleire plan. Nå arbeider han som Grafikkutviklar/grafikar i TV2.

Det beste med jobben min er at eg får gjere det som er hobbyen min på jobb.

Kan du fortelje litt om arbeidet ditt? Kva er dei konkrete arbeidsoppgåvene dine?
Arbeidsoppgåvene mine i TV2 er svært varierte, men det går i hovudsak ut på å gjere grafikk klar for sending. Vi får gjerne inn eit oppsett på design frå eit eksternt firma og så er det vår oppgåve å tilpasse dette til grafikkprogrammet frå Vizrt, som TV 2 nyttar seg av. Mi første oppgåve i TV2 var å programmere og klargjere ein del av grafikken til valsendingane. Dette var ei svært omfattande oppgåve og eg fekk verkelig ei bratt læringskurve. I grafikken til valet var det veldig mykje data i form av resultat og prognosar som måtte visast og dette gjorde at eg måtte vere svært nøyaktig i arbeidet mitt. Dette innebar ein god del programmering i eit språk som eg ikkje hadde prøvd før. Med god hjelp frå mine kollegaar på TV2 blei eg likevel ferdig i tide, og det var ein meget god følelse å sitte i Oslo og sjå denne grafikken på lufta på valnatta, og enda betre at alt fungerte som det skulle.

Utanom valet har eg mellom anna også fått jobbe med å endre designet på Premier League grafikken til TV2 og eg har laga ein mal for poenggiving til Skal vi danse.

Kva er det beste med jobben din – og det mest utfordrande?
Det beste med jobben min er at eg får gjere det som er hobbyen min på jobb. Eg får jobbe med det eg likar aller best, og då er det enkelt å vere motivert. I tillegg til at eg får jobbe med det eg likar, er det også nyttig å vere i eit miljø med veldig mange dyktige folk rundt meg. Dette gjer at eg lærer veldig mykje på kort tid.

Det mest utfordrande med jobben min er at nesten alle systema og programma eg brukar, er nye for meg. I tillegg er det så mykje effektivisering og automatisering av grafikken i TV2 at tekniske kunnskapar er vel så viktige som designmessige.

På kva måte er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?
Utdanninga eg tok ved UiB er relevant for meg på fleire plan. Mellom anna har eg fått bruk for programmeringskunnskapane frå dette kurset. Sjølv om det er andre programmeringspråk på jobb har det vist seg å vere veldig nyttig å ha den generelle kunnskapen. I tillegg har eg i løpet av studietida lært mykje om TV-produksjon og dette gav eit godt utgangspunkt for å forstå bransjen betre. Det avsluttande prosjektet mitt på bacheloren har også gitt meg mykje nyttig kunnskap sidan vi hadde TV som tema og brukte mykje tid på NRK og i dialog med tilsette i TV-bransjen.

Kva var din første jobb etter fullført utdanning? Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv?
Jobben i TV2 var min første etter fullført utdanning. Overgangen til arbeidslivet var for min del veldig god. Eg gjekk rett i jobb i juni etter utdanninga var ferdig, men sjølv om overgangen var brå, var det ikkje mange dagane på jobb før dette gjekk seg til. Eg opplevde at overgangen gikk veldig bra og følte meg tatt på alvor på arbeidsplassen.

Kvifor valde du å studere nye medier ved UiB?
Eg valde å studere nye medier fordi eg alltid har hatt lyst til å jobbe i media. I tillegg hadde eg lyst til å ha litt meir teknisk i utdanninga som til dømes programmering og database.

Kva synst du var det beste med studietida ved UiB?
Det beste med studietida var dei periodane då vi heldt på med dei mest tekniske og praktiske prosjekta. Eg likte svært godt eit prosjekt der vi skulle programmere ein Android-applikasjon, og også det siste prosjektet der vi laga ein arkivportal i samarbeid med NRK.

Intervjuet av: Hanne Kvilhaugsvik