Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap

Forskerprofil Jan Fredrik Hovden

Jan Fredrik Hovden er interessert i dei sosiale vilkåra for kulturell og intellektuell verksemd, i både publikum- og utøvarperspektiv.

I doktoravhandlinga si studerte han korleis slike profesjonsideal og haldningar hjå vanlege journalistar varierer med deira posisjon i det norske journalistiske feltet.

Kulturbrukens sosiale skiljelinjer
Det var lenge, og er dels framleis, ei utbreidd oppfatning om at Noreg er eit særskild likarta samfunn, med små sosiale og kulturelle skilnadar. Inspirert av den franske sosiologisk-antropologiske tradisjonen - særskild Pierre Bourdieu sine arbeid - har Hovden saman med Jostein Gripsrud arbeidd med å kartleggje korleis ulikskap i studentars oppvekstvilkår - deira foreldre sine økonomiske og kulturelle ressursar, geografi, kjønn osb. - gjev opphav ikkje berre til ulike studieval, men og til ulike kultur- og medievanar. Denne forskinga har bidrege til å dokumentere og nyansere vår kunnskap om sentrale kulturelle endringsprosessar som fylgjer den nyare medieutviklinga. M.a. har dei synt at sosiale skilje ikkje har forsvunne når "finkulturen" no vert stadig mindre viktig i studentanes kulturelle liv, men er levande til stades som meir finslipte skilje internt i kunstformer og subgenrar - som t.d. i ulike preferansar for tv-dramaseriar. Denne forskinga er vidareført med Karl Knapskog i studiar av sosiale eliters kulturbruk, der både Stortingsmedlemer og den norske kultureliten har vore gjenstand for omfattande surveyundersøkingar.

Journalistikken som begjær og system
Ein sosial elite som Hovden har vore særskild interessert i er journalistar. Gjennom surveyundersøkingar av norske og nordiske journaliststudentar har han studert korleis deira yrkespreferansar og -haldningar vert forma av deira bakgrunn, studieløp og møte med profesjonen, og korleis dei ulike lands mediemarknadar og -tradisjonar - samt den ålmenne medieutviklinga - vert teke opp i studentanes profesjonsorientering.

Sosiale system, mentale kosmologiar
Anten det gjeld kultureliten, studentar eller journalistar er det for Hovden same grunnproblem i samfunnsvitskapen som er underliggjande: kva er tilhøvet mellom sosiale system og samfunnsgruppers kosmologiar - deira oppfatningar om rett og gale, innanfor og utanfor, høgt og lågt, godt og dårleg? Dette er spørsmål som treng både fenomenologiske og systematisk-kvantitative studiar. Samstundes som han er ålment interessert i samfunnsvitskapleg forskingsmetode, er det statistisk analyse som har vore sentral i dei fleste av Hovdens arbeid.