Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
News

Artiklar om mediedesign

Mediedesign er ein metode under utvikling, og Lars Nyre er ein av dei som arbeider med dette. Han forsøker å setja begrep på korleis forskings- og utviklingsmiljø best kan konstruera nye medier, med samfunnsoppdrag og det heile. Nyre har publisert to vitskaplege tekstar knytt til mediedesign denne vinteren. Den fyrste er ein metodeartikkel i nystarta Journal of Media Innovations ved Universitetet i Oslo. Den andre er ein test av metoden i form av eit hypotetisk redesign av lokalavisa Hordaland på Voss, publisert i Lisbeth Morlandstø og Arne H. Krumsvik (red) Innovasjon og verdiskaping i lokale medier.

Artikler av professor Lars Nyre
Foto/ill.:
Illustrasjon: Rune Arntsen

Media design method

To design a medium means to investigate what happens when a new technology is intentionally introduced into an already existing communicative practice. The research team must be able to respond systematically to on-going, many-faceted, and quite unpredictable practices of media use. The scope is such that development and testing will take several years by teams of 3-4 researchers, plus students.
    This article belongs to the genre of methodology articles. There are few common references regarding methods, and difficult to compare the designs in a methodical way. I will recommend a comprehensive way of doing things. In this article I stake out a public purpose that should be vital to specifically academic medium design, and present a way for it to be both normative and scientific at the same time. The article sketches the basic steps of a theoretically informed practical testing of opportunities inherent in the interfaces and procedures of communication. It is an experience-based technique for discovery and problem solving.
    In the following, I will first locate my ”medium design heuristic” in relation to the concepts ”innovation” and ”design”. The remainder of the article presents the steps of the proposed method in chronological order. In short; the research team must formulate a program of action based on the full potential of new media, build a prototype of a new medium, try out procedures for editorial content tailored to it, and evaluate it with external test-users in various experimental treatments. Not least, the public value of the design project must be evaluated, and it is the ultimate measure of failure or success.
 
Lars Nyre (2014) "Media Design Method: Combining Media Studies with Design Science to Make New Media" i Journal of Media Innovations 1(1). Read the article in PDF-version.




Redesign av avisa Hordaland på Voss


Kan papiravisa verkeleg leggast ned? Korleis vil lokalaviser måtta vera dersom alle saker skal skrivast til nett, med kommentarfelt, interaktiv grafikk og video blant dei nye verkemidla? Eg har spurt ni redaksjonelle medarbeidarar i lokalavisa Hordaland på Voss. Redaksjonen er skeptisk til å legga ned papiravisa, men klarer likevel å komma med konkrete forslag til korleis ein kunne gjort det på nettet åleine. På lang sikt vil ei rein nettsatsing vera i lokalavisene si interesse. Lokalaviser har eit framtidig økonomisk problem ved at det har vore ein dramatisk nedgang i papiravislesing blant unge menneske. Men framtidsproblemet er også journalistisk, ved at unge folk vert vande med å lesa gratisnyhende på nett, og sjeldan forheld seg til kvalitetsjournalistikk fordi den er på papir.
    Det er vanskeleg å tru at ungdom er uinteressert i dei sakene lokalavisene publiserer innafor nyheiter, informasjon og kultur. Men dei unge menneska sitt engasjement i offentlegheita har funne nye uttrykksformer, og der speler lokalavisene ei mykje mindre rolle enn dei kunne og burde gjera. Dette er eit samfunnsproblem så vel som ei økonomisk utfordring.
    Løysinga kan vera å legga ned papiravisa og bruka alle ressursane på ei nettavis som er skalert for mobil, nettbrett og desktop. Økonomisk vertlokalavisene kvitt ein tung kostnad, og har ein sjanse til å finna nye måtar å tena pengar på før gratisvanane har tatt fullstendig over. I eit samfunnsperspektiv er det viktig å omsetja dei mest verdiskapande ferdigheitene til å fungera på nettet før det vert kulturelt for seint. Denne redningsoperasjonen er lett å formulera, men langt vanskelegare å gjennomføra.
    I denne artikkelen presenterer eg fyrst lokalavisa Hordaland og offentlegheita på Voss, og deretter den metoden eg kallar «hypotetisk redesign». Etter desse innleiande avsnitta presenterer eg handlingsplanen i to deler; det som er gammalt og godt og kan gjerast av dei som allereie jobbar i redaksjonen, og weborienterte kompetansar som inneber at redaksjonen må hyra inn nye folk for å kunna gjennomføra planen. Eg har organisert diskusjonen ut ifrå redaksjonsmedlemmene sine innspel i intervjua, men står åleine ansvarleg for resultatet.

Lars Nyre (2014) "God lokaljournalistikk berre på nett: Hypotetisk redesign av avisa Hordaland på Voss”, i Morlandstø, Lisbeth og Arne H. Krumsvik (2014) Innovasjon og verdiskaping i lokale medier. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.