Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Nyhet fra Vox Publica

"Lars Nyre: Kritisk tillit til journalistikk"?

Vert du ofte irritert over ting du ser og høyrer i media? Slik irritasjon kan nokon gonger vera vag og retningslaus, andre gonger er den uttrykk for aktiv mistillit. Du bør kanalisera irritasjonen din i ei konstruktiv retning, og dette essayet syner fram ein muligheit.

Vox Publica
Foto/ill.:
Illustrasjon: Håvard Legreid

Media pro­du­se­rer ein ver­ke­leg­heits­ef­fekt gjen­nom alle sine opp­slag og repor­ta­sjar, og gjen­nom sine san­se­lege for­mer. Men bor­ga­rane bør ikkje utan vidare ten­kja at denne verda er ver­ke­leg, slik som det du kan sjå og høyra direkte. Tvert imot må me vera vakt­same over­for jour­na­lis­tiske media slik me er over­for dei fleste andre kref­tene i samfunnet.

Ingen andre kan ta ansvar for kor­leis du for­står ting, og du bør for­stå dei uti­frå din kvar­dag, i ditt sosiale stra­tum og uti­frå dine poli­tiske haldningar.

Men det er eit krav til, nem­leg at du ikkje berre føyer deg inn i den kon­ven­sjo­nelle hald­ninga, med faste for­mu­le­rin­gar og faste syndebukkar.

Ei slik hald­ning kan kal­last "å ha kri­tisk tillit".

Sam­funns­opp­drag, skep­sis og forvirring
Ter­ren­get er for­vir­rande. Sam­stun­des som me for­bin­der til­lit med noko grunn­leg­gande posi­tivt, går jour­na­lis­tik­kens sam­funns­opp­drag ut på å setja dei rådande til­lits­for­holda i tvil. Per­son­lege til­lits­for­hold treng nem­leg ikkje all­tid vera gode for sam­fun­net. Dei kan vera ego­is­tiske, og skjula kame­ra­deri og intern makt­mis­bruk i sen­trale insti­tu­sjo­nar. Jour­na­lis­tik­ken har difor ikkje som sam­funns­opp­drag å inn­gje til­lit så mykje som å inspi­rera bor­ga­rane til å vera skep­tiske mot tvil­same alli­an­sar. Natur­leg nok er jour­na­lis­tik­ken sjølv ei av dei mak­tene som kan mis­bru­kast, og der­med vert det slik at sam­stun­des som den inspi­re­rer til sam­funns­kri­tikk, så må den møtast med skep­sis. For­hol­det mel­lom posi­tiv og nega­tiv varie­rer heile tida, og dét gjer at bor­ga­ren må vera vakt­sam mot media heile tida.

Det vert sta­dig gjort målin­gar av bor­ga­rane sin til­lit til jour­na­lis­tikk, politi, læra­rar og andre yrkes­grup­per og insti­tu­sjo­nar i sam­fun­net. I mai 2014 pre­sen­terte Dinamo PR si årlige til­lits­un­der­sø­king gjen­nom­ført av ana­lyse­by­rået YouGov. Her kom det fram at 60 pro­sent av alle nord­menn har til­lit til at myn­dig­hei­tene hand­lar til sam­fun­nets beste, mens 57 pro­sent har til­lit til at fri­vil­lige orga­ni­sa­sjo­nar gjer det. Til­li­ten til at media har ei sam­funns­nyt­tig rolle er berre på 35 pro­sent, og for nærings­li­vet er den 33 pro­sent. Men kva betyr til­lit i dette til­fel­let? Dei infor­man­tane som sva­rer posi­tivt, sto­ler på at det som vert pub­li­sert i jour­na­lis­tiske medier er sant, og at det som vert pub­li­sert er rele­vant for sam­fun­net og ein sjølv.

Men det er endå meir inter­es­sant å ta for seg dei 65 pro­sent som sva­rer nega­tivt på spørs­må­let om til­lit til jour­na­lis­tikk. Dei har ei eller anna form for mis­nøye, tvil, mis­til­lit eller kva slags ord ein ville velja. Dei har nok ulike gra­der av bevisst­heit om skep­sis, men har ikkje nød­ven­dig­vis for­mu­lert den tyde­leg. Eg mis­ten­kjer at folk er svært for­virra i sine kjens­ler over­for media, og at dei har vans­ke­leg for å setja ord på ting. Dette essayet er difor meint å ha ein tera­peu­tisk funk­sjon, der lesa­ren vona­leg får nye knag­gar å henga frust­ra­sjo­nen på, og kana­li­se­rer den inn i ei form for for­stå­ing. Mis­til­lit kan omset­jast til kri­tisk tillit.

Mot slut­ten dis­ku­te­rer eg også ein meir pro­ble­ma­tisk rela­sjon, nem­leg dei til­fella der folk har grunn­gje­ven mis­til­lit til media, og der det ikkje er moge­leg eller yns­kje­leg å utvisa kri­tisk til­lit. I 2011 vart det avslørt at News of The World dreiv med hem­me­leg avlyt­ting; denne avslø­ringa førte til ein akutt og uopp­ret­te­leg mis­til­lit til redak­sjo­nen, og avisa vart lagt ned kort etterpå.

Les hele Lars Nyre sitt essay på Vox Publica

Lars Nyre er professor ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB.