Hjem
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Nyhet fra Vox Publica

Fascismens nye drakt

Identitarismen har eit ungdommeleg og akademisk preg, og freistar å gje nye svar på modernitetens problem. Men røtene ligg hjå fascismen.

Fascismens nye drakt
Fascismens nye drakt
Foto/ill.:
Illustrasjon: Håvard Legreid

Hovedinnhold

Dei hev­dar å repre­sen­tere noko nytt, ein «fjerde veg» vekk frå gamle poli­tiske kate­go­riar. Dei står for eit nytt verds­syn, ein ny kul­tur og ei poli­tisk rørsle som både avvi­ser den gamle orde­nen med glo­ba­li­se­ring og røver­ka­pi­ta­lisme, sam­stun­des som dei tek vare på dei beste ide­ane og ver­di­ane den vest­lege sivi­li­sa­sjo­nen har skapt. Dei mei­ner å vere Europa si redning.

Iden­ti­ta­ris­men starta i Frank­rike under nam­net Bloc Iden­ti­taire, og sei­nare i den langt meir aktive ung­doms­or­ga­ni­sa­sjo­nen Géné­ra­tion Iden­ti­taire. Dei har erklært krig mot 68-arane, noko som vert uttrykt i klar­tekst i det aus­ter­rikske mani­fes­tet Géné­ra­tion Iden­ti­taire av Mar­kus Wil­lin­ger og den popu­lære franske videoen Géné­ra­tion Iden­ti­taire – A Decla­ra­tion of War From the Youth of France. Og det er lett å for­stå kvi­for. Mani­fes­tet og videoen rek­kjer ein for­døm­mande peike­fin­ger mot sty­res­mak­tene og kul­tur­eli­ten i Europa for å ha over­sett behova til fol­ket, og ankla­ger dei for å ha for­rådt euro­pe­iske og nasjo­nale ver­diar for å leg­gje til rette for stor­ka­pi­ta­len og masse­inn­vand­ring. Det er litt som å henge i kom­men­tar­fel­tet til Facebook-sida til enkelte Frp-politikarar, berre meir vel­for­mu­lert og reflek­tert reto­rikk, og antikapitalistisk.

Les hele artikkelen i Vox Publica

Kristian A. Bjørkelo er stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB.