Hjem
UiB innovasjon
Workshop

UiB idé vors

Bli med på UiB idé vors der du får utvikle eigne og andres idear, lære meir om innovasjon og korleis du kan få opptil 100 000 kroner i støtte frå universitetets verifiseringsprogram UiB idé til nettopp ditt prosjekt.

UiB idé vors
Viserektor Gottfried Greve er blant dei du får møte på UiB idé vors
Foto/ill.:
Silje Katrine Robinson

Hovedinnhold

Du får treffe andre studentar som er interesserte i innovasjon, og kan i gruppe eller aleine jobbe med prosjekt og få nyttige innspel frå profesjonelle forretningsutviklarar, og innsikt i effektive metodar for å utvikle innovasjonsprosjekt. Arrangementet er eit perfekt utgangspunkt for å søkje om midlar frå UiB idé, der studentar kan få opptil 100 000 kroner i støtte til innovasjonsprosjekt. 

Det er avgrensa med plassar, så meld deg på i dag! Merk at arrangementet kan blir avlyst grunna covid-restriksjonar.

UiB idé vors skjer 14. februar 16.00-20.00. Det blir lett servering ved starten av arrangementet, og mat, drikke og mingling på ein restaurant i sentrum etter programmet. 

Målgruppe: UiB-studentar på alle nivå