Hjem
Internasjonalt senter
Seminar om felles studieprogram

Seminar om Erasmus Mundus felles studieprogram

Studieadministrativ avdeling og HK-DIR inviterer til seminar om Erasmus Mundus felles studieprogram (EM) ved UiB. Mykje er nytt i den nye utlysinga av EM som no er gjort enklare å administrere.

Hovedinnhold

Deltaking i felles studieprogram, herunder Erasmus Mundus Joint Masters, er framleis eit prioritert internasjonaliseringstiltak ved UiB, og mange fagmiljø har etter kvart god erfaring med dette.  I det nye erasmusprogrammet har det kome ein del endringar når det gjeld finansieringsmodellen av EM og det er no også høve til å søke om midlar til forprosjekt (Design Measures).

Unni Sagberg Kvernhusvik og Bård Hekland frå HK-DIR (tidlegare DIKU) vil informere om dette og om programmet i det heile.  Beate Rensvik (IMBRsea – Institutt for biovitskap) og Bjørn Grung (EMQAL – Kjemisk institutt) vil fortelje om erfaringar frå sine fellesgradar.  Det vil også vere høve til å stille spørsmål til representantane frå HK-DIR og kollegaer frå UiB undervegs og i etterkant av møtet.

Program:

08:30-08:40 

  • Velkomst.
    Om fellesgrader ved UiB som del institusjonens internasjonaliseringsstrategi.                      
    Om Arqus og fellesgrader

08:40-09:10  

  • Kort om Norges Erasmus+ strategi med vekt på Erasmus Mundus
  • Kort om tiltaket og viktige endringar som Design Measures og finansieringsmodellen
  • Status for Erasmus Mundus i Norge
  • Prosjektetableringsstøtte frå DIKU
  • Info om planlagt workshop om felles studieprogram 3. og 4. november 2021

09:10-09:30

  • Korte presentasjonar av erfaringar frå EMQAL og IMBRsea.

09:20-10:00

  • Samtale med Bjørn Grung og Beate Rensvik.  Spørsmål frå salen.
  • Innspel frå studentrepresentant.  Kvifor er det så lite kunnskap og interesse for fellesgrader blant norske studentar?

 

Frist påmelding: 1. oktober kl 14.00