Hjem
Institutt for pedagogikk
News

Ny OECD-rapport med medforfattar frå Institutt for pedagogikk

Førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, Astrid Tolo, er medforfattar på rapporten BALANCING TRUST AND ACCOUNTABILITY? The Assessment for Learning Programme in Norway. Dette er ein case studie som inngår i det OECD/CERI initierte prosjektet "Governing complex education systems".

Prosjektet siktar mot å få meir kunnskap om korleis utdanningssektoren vert styrt og utdanningspolitikk vert implementert i ulike nasjonale kontekstar. Utdanningssystemet har stadig aukande betydning for både for den enkelte si utvikling og for utviklinga i samfunnet generelt, samtidig som stadig fleire interessentar vil ha noko å seie for kva utdanningssystemet skal tilby. Dette gjer utdanningssystemet svært komplekst og vanskeleg å styre. Den norske case studien tek utgangspunkt i implementering av det nasjonale programmet "Vurdering for læring" som har som mål å betre vurderingspraksisen i norske skular. Studien analyserer ulike synspunkt og erfaringar frå Kunnskapsdepartementet, Utdanningsdirektoratet, forskarar og bidragsytarar til programmet, kommuneleing, lærarorganisasjonar, media, skuleleing, lærarar, foreldre og elevar om korleis implementeringa av programmet Vurdering for læring har vore. Funna understrekar betydninga av god kommunikasjon og tillit mellom dei ulike aktørane i systemet. For å få dette til er det viktig at kunnskap vert gjort tilgjengeleg og det er naudsynt at kommuneleiing og skuleleing forstår måla for programmet og sikrar nødvendig kapasitet når det gjeld utvikling på den enkelte skule og at fokus på endring vert halde over lang tid. Samtidig syner studien at det er stor variasjon med hensynt til korleis implementeringa skjer.

Prosjektleiar for den norske case studien har vore Therese Hopfenbeck ved Universitetet i Oxford. Forskarteamet har bestått av dr. Therese Hopfenbeck, dr. Astrid Tolo, Teresa Florez og Yasmine El Masri.

 

Pdf-versjon av rapporten kan du finne her

Omtale frå University of Oxford her