Fakultetet har fått to nye professorar
I Fakultetsstyremøtet tysdag 24. april fekk Bjørnar Borvik og Gert Johan Kjelby opprykk til professor.
Hovedinnhold
Både Bjørnar Borvik og Gert Johan Kjelby er fast tilsett ved Det juridiske fakultet ved UiB. No har begge fått professoropprykk.
Dei har blitt vurderte av sakkunnig komité, og tysdag blei søknadane behandla av Fakultetsstyret.
– Vi er svært glade for at to av våre kollegaer har fått opprykk. Professor er vår øvste akademiske tittel, og tildelast forskarar som viser både breidde og djupne i eigen vitskaplege produksjon, seier dekan Karl Harald Søvig.
Borvik: Vil halde fram med Kina-samarbeidet
Borvik har i si akademiske karriere arbeidd med spørsmål om ytringsfridom, ærekrenkingar, diskriminerande og hatefulle ytringar, privatlivets fred og retten til eige bilde.
Han har òg vore ei drivkraft i arbeidet med å bygge opp Norwegian China Law Centre. Senteret fremjar mellom anna utveksling av studentar og forelesarar mellom Det juridiske fakultet og kinesiske universitet.
Borvik har sidan hausten 2017 vore leiar for senteret. Han underviser også ved to kinesiske universitet; Renmin University of China Law School i Beijing og ved Law School of Shandong University i Qingdao.
– Eg vil gjerne vidareutvikle samarbeidet med kinesiske samarbeidspartnarar, og dessutan arbeide med å implementere handlingsplanen for Kina som nyleg vart vedteken av UiB-styret. Norwegian China Law Centre er også ein viktig plattform for å utvikle tettare samarbeid mellom akademia og norsk næringsliv, seier Borvik.
Borvik har tidlegare forska på tema kring ytringsfridom og privatlivets fred. Han er nestleiar i Personvernnemnda, som handsamar klager på vedtak fatta av Datatilsynet.
– Eg har eit håp om å kunne arbeide meir med reglane om personopplysningsvern. Dette er eit område som er svært aktuelt, og her trengst det meir forsking, seier Borvik.»
Kjelby: Glad for påskjøning av lærebokforfattarskap
Gert Johan Kjelby er leiar for prosjektet «Politi- og påtalerett», eit femårig prosjekt som er finansiert av Bergens forskningsstiftelse (BFS), Det juridiske fakultet og Politidirektoratet.
Kjelby vil i løpet av prosjektperioden forske på dei rettslege rammevilkåra for politi- og påtalemakta si utøving av samfunnsoppdraget. Planen er å utvide forskargruppa med ein stipendiat og ein forskar i løpet av året.
Parallelt med prosjektleiaransvaret vil Kjelby undervise i påtalerett, politirett og rettargang.
– Eg har i mi tid på Det juridiske fakultet forska på dei rettslege rammene for påtalemakta si verksemd, og dette er eit arbeid eg vil halde fram med. Samtidig trivst eg godt med kombinasjonen av forsking, undervisning og praksis, seier Kjelby.
Kjelby ga i 2017 ut læreboka Påtalerett. Komiteen som har vurdert søknaden om opprykk har i si grunngjeving lagt stor vekt på det vitskaplege bidraget som læreboka i påtalerett utgjer. Komiteen har mellom anna framheva at Kjelby med læreboka har levert eit viktig bidrag til forskinga på påtalemakta sin organisasjon og kompetanse.
– Eg er, både for eigen del, og på vegne av alle kollegaer som legg mykje arbeid i slike framstillingar, særleg glad for komiteens vurdering på dette punktet, seier Kjelby.