Hjem

Det juridiske fakultet

Jubileum ved Det juridiske fakultet:

Bli med på feiringa av Avtaleloven!

«Pacta sund servanda»: Regelen om at avtaler skal haldast, er sjølve grunnsteinen i forretningslivet. 31. mai fyller Avtaleloven hundre år. Det juridiske fakultet feirar jubileet med seminar og fest!

Avtaleloven-100 år-promo-ny versjon

Jussprofessor Johan Giertsen underviser studentar i kontraktrett, formuerett og selskapsrett. Han er forfattar av læreboka «Avtaler», ei bok som er trykt i tre utgåver. 31. mai inviterer Giertsen kollegaer frå heile Skandinavia til storstilt feiring av hundreårsjubileet for Avtaleloven.
Produsent:
Dragefjellet lærings-og formidlingssenter

– Enten du skal kjøpe ein kopp kaffi, ein ny bustad eller gass for milliardar: Dei same, grunnleggjande prinsippa er gjeldande, seier Johan Giertsen, professor ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB) og ein av landets fremste forskarar innan avtalerett. 

Saman med Det juridiske fakultet inviterer Giertsen studentar, tilsette og eksterne til seminar og fest for å feire at det er hundre år sidan Avtaleloven blei ein del av Noregs lover.

– Avtaleloven må lesast med boksopnar

1918: Dette var året då den første verdskrigen gjekk mot slutten. Britiske kvinner over 30 år fekk stemmerett. Ville du handle brennevin, måtte du ha resept. Fløibanen, ei skinnegåande kabelbane mellom Vetrlidsalmenningen og Fløyen, opna. Og i Christiania sanksjonerte Kong Haakon Lov nr. 4 om avslutning av avtaler, om fuldmagt og om ugyldige viljeserklæringer.

Hundre år etter har lova framleis passasjar som «Svigagtige fortielser». «Feiltelegrafering» og «forstandssvakhet».

– Skal du forstå avtaleloven, må du lese teksten med boksopnar, seier Giertsen.

Under det tette lokket av snirklete språk vil du finne ein lov som har nesten like stor relevans i dag, som då den blei laga for akkurat hundre år sidan, forklarer Giertsen.

– Avtaleloven er sjølve fundamentet for forretningslivet, seier Giertsen.

Telegram og ny vin på gamle flasker

Avtaleloven er skriven på tungt, dansk-klingande norsk. Alt i andre paragraf møter du ei frase som luktar av fut og lorgnett. «Er tilbudet gjort i telegram, regnes fristen fra det øieblik, det er indlevert til avsendelsesstedets telegrafstation», står det.

– Telegrafstasjon, altså?

– Ja. Ingen brukar telegram i dag. Dei reglane som gjaldt for telegram, kan fint overførast til andre og moderne kommunikasjonsmåtar, seier Giertsen.

Han forklarer:

– Avtaleloven har nokre generelle omgrep som har vist seg å vere svært utviklingsdyktige. Vi kan legge eit nytt innhald i orda som blei skrivne for hundre år sidan. Det blir som å helle ny vin på gamle flasker.

– Den norske avtaleloven speglar at Norge er eit tillitssamfunn

«Pacta sund servanda»

Andre vendingar, som «Blir tilbudet avslaat, ophører det at være bindende for tilbyderen, selv om akceptfristen ikke er ute», gir meining i 2018. Sjølv utan boksopnar.

Det handlar om at lovteksten ikkje er så rik på ord. Og at orda som står i loven, fint kan tolkast inn i ei moderne verkelegheit.

Andre paragrafar, som §28 som seier at viljeserklæringar ikkje er gyldige dersom dei kjem som følgje av tvang, truslar eller bedrag, vert framleis opplevd som legitime, rimelege og hensiktsmessige.

– «Pacta sund servanda» er sjølve grunnregelen i loven, og betyr at avtalar skal haldast. Dette er fundamentet for heile det økonomiske livet. Korleis skulle det elles gå, viss ein ikkje kunne stole på at ein avtale faktisk var bindande?

Men også før 1918 var det rekna som lite heiderleg å bryte avtalar. Eit ord var eit ord. Eit handtrykk var eit handtrykk. Avtaleloven er basert på nordiske tradisjonar, fortel Giertsten.

Å selje olje med serviett

– Den norske avtaleloven speglar på mange vis at Noreg er eit tillitssamfunn. Eg plar seie at her i landet kan du skrive kontrakt for sal av ei oljeplattform på baksida av ein serviett. Tillit er eit grunnelement i samfunnsstrukturen. Følgjeleg er det mindre som må skriftefestast, seier Giertsen.

Skandinavismen, ideen om at dei skandinaviske landa skulle haldast saman gjennom alliansar og samarbeid, hadde og ei juridisk side. I Norge, Sverige og Danmark var det semje om å danne felles komitear som skulle lage utkast til mellom anna avtaleloven. Difor har dei tre landa avtalelover som er svært like kvarandre.

– I England, til dømes, er ikkje eit tilbod bindande på same måte som i Norge.  Her kan du trekke tilbodet tilbake heilt fram til motparten har akseptert, seier Giertsen.

Feirer med juristar frå heile Skandinavia

– I anledning hundreårsjubileet - kunne ikkje loven fått ei ny språkdrakt?

– Sidan loven blei vedteken, har det kome fleire initiativ for fornying. Dei har alle rent ut i sanden: Ei fornying har ikkje vore noko must. Forretningslivet har gått sin gang, utan at det har vore nødvendig å skrive loven på nytt. Vi har lagt ny meining inn i dei gamle uttrykka, seier Giertsen.

Det er verdt ei feiring.

Til seminaret kjem juristar frå Danmark, Sverige og Finland. Dei vil halde foredrag om avtalerettslege emne, som vil vere like relevante for kollegaer frå dei andre landa. Loven er den same, seier Giertsen.