Hjem
Det juridiske fakultet
INNOVATIVT PROSJEKT:

Forskarar skal gje klare reglar for havbruksnæringa

I havstrategien til regjeringa står havbruksnæringa sentralt. Men kva reglar som skal gjelde for den blå næringa er uklart og fragmentert. Dét skal forskarar og masterstudentar ved Det juridiske fakultet gjere noko med.

oppdrettsanlegg
Dei juridiske fakulteta i Oslo, Tromsø og Bergen skal saman skape eit nasjonalt forskingsmiljø innan havbruksrett. Ved UiB vil tre masterstudentar i rettsvitskap få stipend til å skrive stor masteroppgåve som skal publiserast.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Fisken har alltid vore viktig for folk på Vestlandet. Maritim handel har gjort Bergen til byen han er i dag. I framtida vil den blå næringa verte svært verdifull for heile Norge.

Skal resurssane forvaltast på ein god og berekraftig måte, vil vi trenge eit tydeleg regelverk.

Fiskeri- og Havbruksnæringens Forskningsfond (FHF) har difor løyva 15 millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målet er å finne ut kva som er gjeldande rett, samt avklare korleis havbruksnæringa betre kan regulerast rettsleg.

Dei tre juridiske fakulteta tek alle del i prosjektet, som er leia frå Oslo.

Vil skape eit nasjonalt forskingsmiljø

– Målet er å skape eit nasjonalt forskingsmiljø som kan bidra til meir djuptgåande analyser av regelverket, seier jussprofessor Ernst Nordtveit. Han er fakultetet sin representant i konsortiet.

– Vi treng ei betre regulering av havbruksnæringa, og vi treng mindre ad hoc-prega reglar som blir laga for å løyse eit problem når det har oppstått. Regelverket treng ei strukturering, seier Nordtveit.

Havbruksfeltet er komplekst, og rommar meir enn oppdrettslaks. Det handlar òg om sjølve livet i fjordane, om eksport, matproduksjon og resursforvalting.

– Forskinga skal styrast av forskarane

Debatten kring havbruksnæringa sin plass ved kysten har tidvis vore prega av steile frontar.

Professor Nordtveit er klar i si sak: Prosjektdeltakarane skal drive fri, uavhengig og uhilda forsking.

– Vi vil arbeide tett med næringa. Men forskinga skal styrast av forskarane, seier Nordtveit.

Forskinga vil følgje to hovudlinjer. Den første linja handlar om konsesjons- og løyvingssystemet. Den andre handlar om drifta av verksemda sett opp mot dei reguleringane som vi finn for matfiskproduksjon i sjø. Hovudmålet er å få meir kunnskap om den rettslege reguleringa av havbruksnæringa.

Opnar for tre UiB-studentar

Planen for prosjektperioden er å arbeide fram to juridiske doktorgradavhandlingar, samt ei lærebok i havbruksrett.

Ved Det juridiske fakultet i Bergen vil tre masterstudentar få høve til å skrive stor masteroppgåve i havbruksrett.

Studentane vil få bli ein del av eit nasjonalt forskingsmiljø, og vil få rettleiing i det akademiske arbeidet fram mot publisering av masteroppgåva.

– I framtida vil dei vere godt rusta for å arbeide som juristar innan mellom anna marin ressursforvalting, fiskerieksport, havbruksrett. Ved fakultetet byggjer vi opp eit forskingsmiljø innan havrett. Vi ser óg at fleire advokatfirma ønsker å styrke kompetansen sin på dette feltet, seier Nordtveit.