Hjem
Det juridiske fakultet
Tid for å søke Meltzerfondet:

Reiste USA for å forske med dei beste

Søker du innan fristen, kan du sikre deg eit Meltzer-stipend som kan brukast til faglege reiser i 2019. Ph.d.-kandidat Esmeralda Colombo fekk støtte frå Meltzerfondet for å reise til Berkeley og Stanford i California.

Esmeralda Colombo
Ph.d.-kandidat Esmeralda Colombo ved Det juridiske fakultet søkte Meltzers høyskolefond om støtte til faglege reiser. - Som ph.d.-kandidat er det lett å føle seg på etterskot. Kvardagslivet kjennest travelt. Likevel vil eg oppmode alle som ønsker å reise om å søke midlar. Sjølv har eg lyst til å søke igjen, seier ho.
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

Til dagleg arbeider Esmeralda Colombo med ei doktogradsavhandling om klimasøksmål ved Det juridiske fakultet, UiB.  I 2017 ønska ho midlar til å besøke relevante fagmiljø. Ho søkte om prosjektstipend frå Meltzerfondet, og fekk ei løyving på nær 75 000 kroner.

- Eg ønska meg eit forskingsopphald i USA, og dette kunne eg gjennomføre med tildelinga frå Meltzerfondet, seier Colombo.

Dei to californiske universiteta er begge svært kjende internasjonalt. Berkeley ligg i nærleiken av San Francisco, og er eit offentleg universitet. Forskarane ved Berkeley Law var blant dei første i verda som starta å arbeide med klima- og energijuss. Dei er framleis verdsleiande. I 2018 vart klimajussprogrammet ved Berkeley rangert på førsteplass av US News og World Reports.

Colombo hadde stor nytte av å besøke biblioteka til dei prestisjetunge institusjonane. Ho fekk også gjere intervju med advokatar og professorar som er i forskingsfronten av hennar interessefelt.

- Eg blei møtt med openheit og anerkjenning av etablerte professorar, og er takksam for denne forma for tillit, seier Colombo.

Ho frykta ikkje å møte hierarkiske strukturar som stengte dørene for ein ph.d.-kandidat frå Noreg.

- Som ph.d.-kandidatar er vi i starten av den akademiske ferda vår, men vi kan likevel bidra til faget, seier Colombo.

- Søk ut

­Colombo nytta også Meltzer-midlar til å reise på konferanse i Skottland og til Amsterdam. Ho reiste òg til universitetet i Phnom Pehn i Kambodsja for å undervise og gjere intervju.

Ho kan varmt anbefale å ta eit avbrekk for å reise ut og få nye impulsar. Colombo fekk hjelp av rettleiaren sin til å søke.

- Arbeidet med avhandlinga skjer i einsemd, og er veldig individuelt orientert: Vi les, skriv og tenker aleine. Nettopp difor kan det vere motiverande å reise ut og undervise, oppsøke nye kjelder og diskutere forskinga si med andre, seier Colombo.

Visedekan Anne Marie Frøseth: - Ei generøs ordning

Meltzer prosjektstipend er støtte til faglege prosjekt som er stadfesta av rettleiar. Ein kan maksimalt søke om 75 000 kroner.

- Meltzerfondet si utlysing til ph.d.-kandidatar er ei særs generøs ordning, seier Anne-Marie Frøseth, visedekan for forsking ved Det juridiske fakultet.

Ifølge Meltzer-statuttane kan ein søkje om midlar til faglege reiser, feltarbeid, utstyr og materiell. Utgifter som normalt vert dekka av driftsmidlane til stipendiaten, kan ikkje dekkast av fondet, står det på orienteringssida om Meltzer-tildelingane.

Frøseth anbefaler alle ph.d.-kandidatar som vil reise utanlands å ta ein kikk på utlysinga.

- Meltzermidlane gir eit høve til å få finansiert lengre utanlandsopphald. Dessutan er Meltzerfondet eit av få høve til å søke prosjektmidlar som ikkje er tematisk eller geografisk avgrensa, seier ho.