Hjem
Det juridiske fakultet
NY BOK

Utfordringar i juristutdanninga

– Vi har heile tida behov for å vurdere vidare moderniseringar av studiet, seier professor Asbjørn Strandbakken.

 – Samfunnet rundt oss er i stadig endring, og det er vårt ansvar å sørgje for at utdanninga vi tilbyr møter dagens krav, understrek han.

Saman med spesialrådgjevar Lars Skjold Wilhelmsen, har Strandbakken vore redaktør for boka ”Juristutdanningens faglige og pedagogiske utfordringer”. Innlegga er skreve av ulike aktørar innan juristutdanning i Norden. Viktige utdanningsspørsmål blir drøfta og erfaringar delt.   

Prisløna studiemodell

Omlegginga av studiemodellen ved Det juridiske fakultet i Bergen har vore svært vellukka og har fått mykje merksemd ­­– den har vunne prisar og vorte ein modell til inspirasjon for andre juridiske fakultet.

Ved innføringa av kvalitetsreforma i 2003 blei det gjort omfattande endringar i studieopplegget ved alle utdanningsinstitusjonane i Noreg. Sentralt i reforma stod ny gradsstruktur, tettare oppfølging av studentane, nye eksamens- og evalueringsformer og auka internasjonalisering. 

Frå pugg til problemløysing

Omlegginga av jusstudiet i Bergen innebar eit paradigmeskifte frå fokus på eksamen til fokus på studentane si læring.

Jusstudiet har tradisjonelt vore eit sjølvstudium, der lesesalar, pensum og eksamen stod sentralt. Det nye studieopplegget fekk problembasert læring som pedagogisk plattform.

Fakultetet la opp til å forbetre læringsmiljøet og læringsprosessane ved å få studentane til å fokusere meir på eiga læring. Ein la til rette for auka studentaktivitet og meir arbeid i fellesskap. Ein gjekk frå lesing til læring, frå pugg til problemløysing. 

Frå å lære til å lære vekk

– Gjennom arbeidet med omlegginga oppstod ei rekkje faglege og pedagogiske utfordringar, seier spesialrådgjevar Lars Skjold Wilhelmsen, ein sentral mann i omleggingsprosessen.

Det var gjort lite forsking på dei aktuelle problemstillingane, og delegasjonar frå fakultetet reiste difor på studiereiser til lærestader i utlandet for å få innspel til ny studieplan.

– Når vi var ute på reise, såg vi at det føregjekk mykje godt arbeid innan juridisk fagdidaktikk, fortel Wilhelmsen, som etter kvart opparbeidde seg mykje erfaring.

Etter kvart som studieplanen tok form og reforma blei innført, opplevde fakultetet sjølv stor interesse frå andre juridiske fakultet som ønskte å vite meir om problembasert læring i studiet.

Den samla nordiske erfaringa var så verdifull at den burde delast med andre.

Wilhelmsen og Strandbakken tok difor initiativ til å arrangere ei konferanse kalla ”Jusutdanningens pedagogiske utfordringer”. I 2008 inviterte dei kollegaer frå dei nordiske landa til å bidra med presentasjonar. Konferansen var den første i sitt slag i Norden og deltakinga var stor. 

Frå konferanse til bok

– Dei faglege presentasjonane på konferansen var så gode at vi gjekk vidare med tanken om å få innlegga presentert i bokform, fortel Wilhelmsen.

Deltakarane på konferansen blei spurt om å omarbeide presentasjonane sine til artikkelform. Nesten alle takka ja, og ulike aktørar bidreg såleis til å spreie kunnskap om temaet og sørgjer for at diskusjonen rundt viktige utdanningsspørsmål fortset.

Artiklane spenner frå fagdidaktiske grunnlagsutfordringar til spesifikke teknikkar, evaluering av læringsmiljø, eksamen og studieplan basert på problembasert læring.

Wilhelmsen er sjølv ein av bidragsytarane i boka og presenterer her grunnlaget for det nye studieopplegget og dei pedagogiske elementa som er lagt inn for å fremje studentane si læring. 

Sjølvevaluering, noko for Bergen?

– Det er mange som har prøvd ut nye opplegg i form av meir interaktivitet i læringa og undervisninga. Bruk av elektroniske hjelpemiddel har vore ein viktig faktor i mange samanhengar, sier Wilhelmsen.

Sjølv er han imponert over det dei har fått til ved Syddansk Universitetet. Der kan dei tilby studentane elektroniske sjølvevalueringar, som har som formål å lære studentane å lære kva dei skal lære/kunne. På denne måten tvingar dei studentane til å fokusere på forståing av dei enkelte faga og ikkje å lære stoffet utenat.