Hjem
Det juridiske fakultet

PC-stover ved Det juridiske fakultet

Det juridiske fakultetet har tre PC-stover med 59 PC-ar og fem lesesalar utstyrt med 97 PC-ar.

Nybygget:

  • PC-stova rom 403: Utstyrt med ca 19 PC-ar og ein felles skrivar
  • PC-stova rom 303: Utstyrt med ca 27 PC-ar og ein felles skrivar
  • Lesesal 2 i 2. et.: Utstyrt med 11 PC-ar
  • Lesesal 5 i 2. et.: Utstyrt med 17 PC-ar
  • Lesesal 8 i 3. et.: Utstyrt med 36 PC-ar
  • Lesesal 9 i 3. et.: Utstyrt med 16 PC-ar
  • Lesesal 12 i 3. et.: Utstyrt med 17 PC-ar

Gamlebygget:

  • PC-stova i 4.et. i gamlebygget: Utstyrt med 13 PC-ar og ein felles skrivar.

For å få tilgang til PC-stovene og lesesalane med PC-ar må du bruke studentkortet og PIN-koden. Kort til storskrivar og kopimaskin kan du kjøpe hjå Juristforeningen og i Traumaten.

Det er installert trådlaust nettverk for oppkopling av eigen PC i alle studentareala på heile jusbygget. Sjå Mi side for meir informasjon om oppkopling til UiB med eigen PC.

Det er plassert ut PC-terminalar i andre, tredje og sjette etasje i nybygget.

IT-assistenter
Treng du hjelp til pålogging eller registrering? For det og for all anna PC-brukarstøtte kontaktar du fakultetet sine IT-assistenter. Dei held til i informasjonssenteret kl. 8-18 måndag-fredag. Du kan òg nå dei på tlf. 55 58 95 01.