Hjem
Det juridiske fakultet

Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det juridiske fakultet

Skal du reise på studieopphald i utlandet må du alltid hugse å søke om førehandsgodkjenning før du reiser ut, og om endeleg godkjenning når du kjem att.

Godkjenning av studieopphold
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Før du reiser ut må du søke om førehandsgodkjenning og eventuelt om endring av utdanningsplan frå Det juridiske fakultet (same skjema), og når du kjem att må du søke om endeleg godkjenning.

Det er studenten sitt ansvar å leggje fram nok dokumentasjon både i høve til søknad om førehandsgodkjenning og i høve til den endelege godkjenninga ved heimkomst.

Lenke til elektronisk skjema finn du til høgre på denne sida.

Førehandsgodkjenning

Saman med søknad om førehandsgodkjenning treng vi kursskildringar og informasjon om talet på studiepoeng for kvart einskild kurs.

Når du søkjer om førehandsgodkjenning vurderer fakultet om faga du planlegg å ta vil kunne godkjennast som del av mastergraden i rettsvitskap eller ikkje. For å få støtte frå lånekassen er det ein føresetnad at delstudia i utlandet er førehandsgodkjende av fakultetet.

Fristar

For utveksling som tek til i haustsemesteret har vi sett 1. juni som siste frist for å søkje om førehandsgodkjenning, og for utveksling som tek til i vårsemesteret er 1. desember siste frist for søknad om førehandsgodkjenning. Vi rår deg likevel til å søkje om førehandsgodkjenning så tidleg som mogleg semesteret før du skal ut i verda, dette fordi sakshandsamingstida oftast er kortare resten av semesteret enn akkurat rundt fristane.

Endeleg godkjenning

Saman med søknad om endeleg godkjenning må du leggje fram original karakterutskrift. Fakultetet godtar karakterutskrift i følgjande format:

  • Original papirversjon av karakterutskrifta levert i informasjonssenteret ved fakultetet eller sendt per post (adressa finn du nedst på sida). Karakterutskrifta vil bli returnert i posten.
  • Stadfesta kopi av den originale karakterutskrifta, tatt av informasjonssenteret ved fakultetet (stadfesta kopiar frå andre stader enn infosenteret på fakultetet blir ikkje godtatt).
  • Skanna versjon av karakterutskrifta sendt direkte frå verstuniversitetet til utveksling.jurfa@uib.no (då vil du få ein e-post frå oss der vi informerer deg om at vi har motteke karakterutskrifta).
  • Karakterutskrift med verifiserbar digital signatur levert på ein av følgjande måtar:

Verifisering av den digitale signaturen må fungere. Dersom fakultetet får opp ei feilmelding ved verifisering av signaturen, kan vi ikkje godta karakterutskrifta.

Dersom du har utveksla gjennom ein av UiB sine bilaterale avtalar (altså ikkje ein av Det juridiske fakultet sine avtalar), og har fått beskjed frå UiB-koordinatoren din om at karakterutskrifta er komen til UiB, vil karakterutskrifta vere registrert i vårt system. Du treng dermed ikkje levere karakterutskrift på nytt saman med søknad om endeleg godkjenning, men vi ber deg om å skrive ein kommentar i søknadsskjemaet om at du har fått melding frå UiB-koordinatoren din om at karakterutskrifta har kome til UiB.

NB! Vedtak frå fakultetet blir sendt til den digitale postkassa di. Vi oppfordrar deg derfor til å opprette ei digital postkasse dersom du ikkje alt har ei.

Godskriving av masteroppgåve

Skal du søkje om godskriving av masteroppgåva på bakgrunn av skriftleg(e) arbeid du har gjort medan du har vore på utveksling? Då treng vi, i tillegg til karakterutskrift, ein kopi av oppgåva/oppgåvene du har skrive, samt eventuell dokumentasjon av ordlengda (emneskildring) og innhaldet i oppgåva di. Rettleiande ordgrense for den norske masteroppgåva er 12 000 ord, og oppgåver skrivne under utanlandsopphald må tilsvare dette.

Både om du har skrive éi stor oppgåve, og dersom du søkjer fritak på grunnlag av to (unntaksvis tre) mindre oppgåver på til saman 12 000 ord, må oppgåva/oppgåvene leverast i sin heilskap. Oppgåva/oppgåvene kan lastast opp som vedlegg til søknadsskjemaet for endeleg godkjenning. Skal du søkje fritak på grunnlag av to mindre oppgåver som til saman utgjer eit heile, må du i tillegg laste opp eit refleksjonsnotat på minst 1500 ord der du gjer nærare greie for heilskapen og drøftar metodespørsmål som arbeidet med tekstane har aktualisert. Dei faglege krava finn du ved å klikke på denne lenka.

Les meir om godskriving av masteroppgåve i § 5-7 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet:

Frist for søknad om endeleg godkjenning

Fordi semesterslutt ute varierer frå stad til stad, og fordi det er stor skilnad på kor lang tid det tek før vertsuniversiteta utferdar karakterutskrift/vitnemål, er det ikkje ein felles frist for når ein må søkje om endeleg godkjenning. Felles for alle gjeld likevel at ein må søkje om endeleg godkjenning innan ein månad etter at ein har motteke offisiell dokumentasjon på resultat oppnådde under utvekslingsopphaldet. Når søknaden er handsama vil fakultetet automatisk rapportere dei oppnådde studiepoenga til Lånekassen slik at du ikkje sjølv treng å søkje Lånekassen om omgjering av lån til stipend.

Postadresse (dersom original papirversjon av karakterutskrifta skal sendast per post)

Universitetet i Bergen
Det juridiske fakultet
Postboks 7806
5020 Bergen

Merk konvolutten med "Endeleg godkjenning av utanlandsopphald".

 

Regelverk

Studier i utlandet vert godskrivne som spesialemne og/eller masteroppgåve i masterstudiet i rettsvitskap i medhald av kapittel 5 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet. Sjå særleg §§ 5-1 Generelt om godskriving og faglig godkjenning, 5-7 Godskriving av masteroppgave, 5-8 Godskriving av spesialemner og 5-9 Delstudier i utlandet; Nominasjon, forhåndsgodkjenning og godskriving.

 

Spørsmål?

Har du spørsmål om godkjenninga, eller treng meir info? Send ein e-post til utveksling.jurfa@uib.no, eller ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 95 00.