Hjem
Det juridiske fakultet

Retningslinjer for utrekning av obligatorisk deltaking

Retningslinjer for utrekning av obligatorisk deltaking, jf. § 2-4 nr 3 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet

Vedteke av styret 09.09.2003. Sist endra i studieutvalget 24.01.11. Teksten ajourført etter fakultetsstyrevedtak 16.06.2011 om ny studieplan og nye utfyllande reglar for masterstudiet.

 

1) Kurset kan ikkje godkjennast, og karakter kan ikkje settjast, utan at studenten har levert oppgåver m.m. som skal telje med som grunnlag for karakteren for kurset. Det same gjeld øvingar m.m. som skal godkjennast.

2) For oppmøte og levering og kommentering av oppgåver m.m. som ikkje skal telje med som grunnlag for karakteren, skal deltakinga reknast slik:

Gjennomsnittet av prosentvis oppmøte på arbeidsgruppemøte og storgruppemøte (sett under eitt), prosentvis innlevering av oppgåvesvar på arbeidsgruppoppgåver og prosentvis kommentering av 2 oppgåvesvar per arbeidsgruppeoppgåve skal være minst 75. Det er kun fullstendig oppfylte aktivitetskrav som inngår i grunnlaget for utrekninga.

Som fullstendig oppfylte aktivitetskrav gjeld:

  1. Arbeids- og storgrupper: Deltaking på heile gruppemøtet i samsvar med fastsett varigheit.
  2. Innlevering av oppgåvesvar: Heile oppgåva skal svarast på, og må fylle dei kvalitative og kvantitative minstekrava som er fastsatt i "Krav til skriftlige arbeider på masterstudiet i rettsvitenskap". Det gjeld så vel arbeidsgruppeoppgåver som obligatoriske kursoppgåver.
  3. Kommentering av oppgåvesvar: Med mindre noko anna uttrykkeleg går fram av kursbeskrivinga/det einskilde oppgåvesettet, skal studentane kommentere minst 2 oppgåvesvar per arbeidsgruppeoppgåve. Dersom kommenteringsplikta ikkje kan oppfyllast innan det tildelte kommenteringslaget, skal den oppfyllast tilsvarande innan den tildelte arbeidsgruppa.

3) Dersom det er fastsatt midtvegsprøve, skal denne alltid vera levert. For kursoppgåvene gjeld punkt 2 tilsvarande sjølv om dei skal leverast til vurdering saman med avsluttande prøve.

4) Er deltakinga ikkje tilstrekkeleg til at kurset kan godkjennast, skal studenten få melding om dette seinast dagen før avsluttande prøve.

Sjå likevel § 2-4 (3), andre setning og kapittel 4 i Utfyllende regler for studier ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Etter desse reglane kan deltaking også verte underkjent i ettertid.