Hjem

Det juridiske fakultet

Femårig masterprogram i rettsvitskap

Det integrerte masterprogrammet i rettsvitskap er eit femårig studium som fører fram til graden Master i rettsvitskap. Studiet har ca. 2 000 studenter og er blant dei mest populære studieprogramma i Norge.

Jusstudiet

Noko av det viktigaste du lærer på jusstudiet er å tolke og bruke rettskjeldene på riktig måte for å nå fram til haldbare resultat. I juridiske tvilstilfelle finst det ikkje alltid fasitsvar. Her må ein ofte byggje på verdiar i samfunnet og rettskulturen for å finne ei best mogleg løysing. Studentane vil lære å løyse konkrete rettsproblem, og bli i stand til å argumentere og leggje fram ei sak på ein god og overtydande måte.

Jusstudiet byggjer på problembasert læring, og studentane lærer å jobbe sjølvstendig og i grupper. Studiekvardagen for jusstudentane består av alt frå innlevering av oppgåver til obligatorisk undervising, forelesingar, seminar og eksamenar.

Alle som studerer juss ved Universitetet i Bergen tek i utgangspunktet dei same emna i same rekkefølgje. Det eine emnet byggjer på det andre, og ein får ein jamn progresjon gjennom heile studiet.