Hjem
Det juridiske fakultet
Ny student

Studiestart for nye jusstudentar ved UiB

Her finn du oversikt over kva som skjer i studiestarten på Det juridiske fakultet i 2023.

Digital omvisning på Det juridiske fakultet

Ny i Bergen og på UiB? Bli med Anna Lisa på en kort omvisning på Det juridiske fakultetet, slik at du stiller litt bedre forberedt til studiestart.
Produsent:
Dragefjellet lærings- og formidlingssenter

Hovedinnhold

Alle nye studentar skal møte på Det juridiske fakultet første studiedag 14. august

Ved studiestart vil du som byrjar på 1. studieår møte studentane du skal vere i gruppe med heile studieåret. Skal du byrje på eit anna studieår vil du møte studentane du skal vere i gruppe med i løpet av velkomstveka.

Allereie frå dag ein startar du å legge det sosiale og faglege grunnlaget for at du skal lukkast med studia dine, og det er viktig at du deltek på programmet denne dagen. Det er difor obligatorisk oppmøte første studiedag. Dersom det er heilt umogleg å møte må du sende melding/søknad om dette til 1.studiear.jurfa@uib.no/2.studiear.jurfa@uib.no.

Finn studieåret ditt i oversikta under for å sjå programmet for studiestartveka di.

1. studieår femårig master

Måndag 14. august klokka 10.00-10.45: Velkomstseremoni for UiB

Møt opp på Musèplass og få med deg Universitetet i Bergen si tradisjonsrike opning av det nye studieåret saman med andre studentar og ansatte ved Det juridiske fakultetet. Etter seremonien går vi til Det juridiske fakultet i samla flokk der velkomstprogrammet vårt byrjar kl. 11.15. 

Måndag 14. august klokka 11.15-12.15: Bli kjend med medstudentane dine
Stad: Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

I dette tidsrommet er det mottaking i grupper. Når du kjem til fakultetet vil du få møte studentane i gruppa di og byrje å bli kjend med desse. Du vil også møte nokre av undervisarane dine. 

Du får ein e-post i løpet av veka før studiestart om korleis du finn fram til gruppa di.

Måndag 14. august klokka 12.30-13.15: Velkomstsamling for nye jusstudentar
Stad: Auditorium 1, Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

Felles velkomstsamling for alle nye jusstudentar på 1. og 2. studieår. 

Måndag 14. august klokka 14.00: Fadderaktivitetane i velkomstveka starter

Møt opp i Auditorium 1 på Jusbygget for å møte fadrane dine og få bandet ditt for velkomstveka. Dette er inngangsbilletten din til fadderarrangementa resten av veka. 

Undervisning første veka

Her kan du finne ut kva tid du har undervisning.

2. studieår femårig master

Måndag 14. august klokka 10.00-10.45: Velkomstseremoni for UiB

Møt opp på Musèplass og få med deg Universitetet i Bergen si tradisjonsrike opning av det nye studieåret saman med andre studentar og ansatte ved Det juridiske fakultetet. Etter seremonien går vi til Det juridiske fakultet i samla flokk kor velkomstprogrammet vårt byrjar kl. 11.15. 

Måndag 14. august klokka 11.15-12.15: Bli kjend med medstudentane dine
Stad: Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

I dette tidsrommet er det mottaking i grupper. Når du kjem til fakultetet vil du få møte studentane i gruppa di og byrje å bli kjend med desse. Du vil også møte nokre av undervisarane dine. 

Du får ein e-post i løpet av veka før studiestart om korleis du finn fram til gruppa di.

Måndag 14. august klokka 12.30-13.15: Velkomstsamling for nye jusstudentar
Stad: Auditorium 1, Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

Felles velkomstsamling for alle nye jusstudentar på 1. og 2. studieår. 

Måndag 14. august klokka 14.00: Fadderaktivitetane i velkomstveka startar

Møt opp i Auditorium 1 på Jusbygget for å møte fadrane dine og få bandet ditt for velkomstveka. Dette er inngangsbilletten din til fadderarrangementa resten av veka. 

Undervisning første veka

Her kan du finne ut kva tid du har undervisning.

3. studieår femårig master

Måndag 14. august klokka 10.00-10.45: Velkomstseremoni for UiB

Møt opp på Musèplass og få med deg Universitetet i Bergen si tradisjonsrike opning av det nye studieåret saman med andre studentar og ansatte ved Det juridiske fakultetet. Etter seremonien går vi til Det juridiske fakultet i samla flokk kor velkomstprogrammet vårt byrjar kl. 11.30. 

Måndag 15. august klokka 11.30-12.15: Velkomstsamling for nye jusstudentar
Stad: Auditorium 1, Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

Felles velkomstsamling for alle nye jusstudentar på 3. og 4. studieår/1. studieår toårig master. 

Måndag 14. august klokka 12.30-13.30: Bli kjend med medstudentane dine
Stad: Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

I dette tidsrommet er det mottakelse i grupper. Du vil få møte studentane i gruppa di og byrje å bli kjend med desse. Du vil også møte nokre av undervisarane dine. Du får ein e-post i løpet av veka før studiestart om korleis du finn fram til gruppa di.

Måndag 15. august klokka 14.00: Fadderaktivitetane i velkomstveka startar

Møt opp i Auditorium 2 på Jusbygget for å møte fadrane dine og få bandet ditt for velkomstveka. Dette er inngangsbilletten din til fadderarrangementa resten av veka. 

Undervisning første veka

Her kan du finne ut kva tid du har undervisning

1. studieår toårig master og 4. studieår femårig master