Hjem
Det juridiske fakultet
Semesterstart 2020

Semesterstartveka 2020

Her finn du oversikt over kva som skjer på fakultetet og i fadderveka første veka i semesteret.

Semesterstart juridisk fakultet
Foto/ill.:
Eivind Senneset/UiB

Alle skal møte fysisk første studiedag

På grunn av koronapandemien og smittevernomsyn blir første del av velkomstdagen online, og du deltar via PCen eller telefonen din.

Seinare på dagen skal alle også møtast fysisk, men då i mindre grupper. Deltaking på første studiedag, både på online-delen og den fysiske delen, er avgjerande fordi du her vil motta viktig informasjon, og du som byrjar på 1. studieår vil møte studentane du skal vere i gruppe med både ved studiestart og resten av året. Du som byrjar på eit anna studieår vil møte studentane du skal vere i gruppe med i fadderveka.

Det er viktig at alle møter første studiedag, for allereie frå dag ein byrjar du å legge det sosiale og faglege grunnlaget for at du skal lukkast med studia dine.

Den første veka vil undervisninga skje online, men gjennom fadderveka som føregår på ettermiddagstid møter du medstudentane dine ansikt til ansikt.

Måndag 10. august er første dag for studentar på 1.-3. studieår av femårig masterprogram.
Tysdag 11. august er første dag for studentar som byrjar rett på 4. studieår av femårig masterprogram og studentar på toårig masterporgam.

Måndag 10. august

Alle studentar

09.00-09.30 Velkomstseremoni for heile UiB (online)
 

1. - 3. studieår femårig master

10.00–11.30 Orienteringsmøte (online)
Lenke blir tilsend på e-post helga før

  • Dekan ved fakultetet og leiar av Juridisk studentutvalg ønskjer velkomen
  • Emneansvarlege presenterer førstesemesteremna
  • Gjennomgang av kva du må hugse den første tida
  • Studentorganisasjonane ved fakultetet presenterer seg

12.00-15.00 Skaff deg studentkort
Stad: Studentsenteret Parkveien 1

12.00-16.00 Møt opp og bli kjend med gruppa di
Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

I løpet av dette tidsrommet blir det gruppevis oppmøte til følgjande tidspunkt:

12.00-13.00
13.30-14.30
15.00-16.00

Om du har oppretta studentkonto og teke i bruk teams kan du sjå der for info om når du skal møte. Har du ikkje teke i bruk teams, vil du få e-post i løpet av helga om korleis du finn fram til gruppa di. 

Når du kjem til jusbygget og juridisk fakultet vil du få møte studentane i gruppa di og byrje å bli kjend med desse. Du møter også nokre av undervisarane dine, og til sist fadderen din som først viser deg rundt på fakultetet og deretter sveiver i gang fadderveka.

Tysdag 11. august

Alle studentar

11.00-15.00 Bli kjend med studentorganisasjonane som finst ved UiB (online)
 

2. studieår femårig master

10.15–12.00
Forelesning for studentar på 2. studieår
Online. Lenke finn du i Mitt UiB.

4. studieår femårig master og 1. studieår toårig master


10.00–12.00 Orienteringsmøte (online)
Lenke blir tilsend på e-post veka før

  • Dekan ved fakultetet og leiar av Juridisk student utval ønskjer velkomen
  • Emneansvarlege presenterer fjerdeårsemna
  • Gjennomgang av kva du må hugse den første tida
  • Studentorganisasjonane ved fakultetet presenterer seg

13.00-16.00 Møt opp og bli kjend med gruppa di
Jusbygget, Magnus Lagabøtes plass 1

I løpet av dette tidsrommet blir det gruppevis oppmøte til følgjande tidspunkt:

1300-1400
1430-1530

Om du har teke i bruk teams kan du sjå der for info om når du skal møte. Har du ikkje teke i bruk teams får du beskjed om nøyaktig tid og stad på e-post i løpet av helga.

Når du kjem til jusbygget og juridisk fakultet vil du få møte studentane i faddergruppa di og byrje å bli kjend med desse. Du møter også nokre av undervisarane dine, og til sist fadderen din som først viser deg rundt på fakultetet og deretter sveiver i gang fadderveka.

Onsdag 12. august

1. - 3. studieår femårig master

9.15–10.00
Exfac-forelesing for studentar på 1. studieår (femårig master)
Online. Lenke finn du i Mitt UiB.

12.00-15.00 Skaff deg studentkort
Sted: Studentsenteret Parkveien 1

12.15–14.00
Forelesning for studentar på 2. studieår
Online. Lenke finn du i Mitt UiB.

4. studieår femårig master og 1. studieår toårig master

12.00-15.00 Skaff deg studentkort
Stad: Studentsenteret Parkveien 1

14.15–16.00
Forelesning for studentar på 4. studieår (1. studieår på toårig master)
Online. Lenke finn du i Mitt UiB.

Torsdag 13.august

1.-3. studieår femårig master

08.15–16.00
Arbeidsgrupper for studentar på 2. studieår (obligatorisk undervisning). Tidspunkt og stad for di gruppe finn du på Mitt UiB etter at du er semesterregistrert.

9.15–10.00
Exfac-forelesing for studentar på 1. studieår
Online. Lenke finn du i Mitt UiB.

12.15-14.00
Kursintro og innføring for studentar på 3. studieår
Online. Lenke finn du i Mitt UiB.

Fredag 14.august

1.-3. studieår femårig master

09.15-10.00
Exfac-forelesing for studentar på 1. studieår (femårig master)
Online. Lenke finn du i Mitt UiB.

4. studieår femårig master og 1. studieår toårig master

10.15–12.00
Forelesning for studentar på 4. studieår og 1. studieår toårig master
Online. Lenke finn du i Mitt UiB

Skaff deg studentkort

Skaff deg studentkort på dei oppsette tidspunkta for jusstudentar.
Stad: Studentsenteret Parkveien 1

  • Måndag 10. august: 12.00-15.00
  • Onsdag 12. august: 12.00-15.00
  • Onsdag 19. august: 12.00-15.00
  • Tysdag 25. august: 12.00-15.00

Informasjon om studentkort finn du på denne nettsida.