Hjem
Det juridiske fakultet
Utveksling

Framandt og lærerikt

I august 2013 reiste det andre kullet med jusstudentar frå UiB på utveksling til Kina. Dei kom heim med ei spanande blanding av kinesisk kultur og internasjonal rett i bagasjen.

Fire UiB-studentar på Den kinesiske muren.
Fire UiB-studentar på Den kinesiske muren. F.v: Ingse Fatnes, Lene F. Johnsen, Njaal Slettebø og Tormod Bergem Strand.
Foto/ill.:
Privat

Hovedinnhold

‒ Den kinesiske kulturen er veldig annleis enn den norske, og det var noko av grunnen til at eg søkte meg dit på utveksling, seier Tormod Bergem Strand.

‒ Det var nyttig å bli kjend med kinesarar og få høyre deira meiningar om sitt eige samfunn.

Strand er i gang med det siste semesteret av jusstudiet. Haustsemesteret 2013 var han ein av fire UiB-studentar som reiste på utveksling til Renmin University i Beijing, det eine av to universitet i den kinesiske hovudstaden som Det juridiske fakultetet har utvekslingsavtalar med. Det andre er China University of Political Science and Law (CUPL). UiB sende to studentar dit hausten 2013.

‒ Eg hadde vore på utveksling i USA på vidaregåande og visste at eg ville reise ut i løpet av jusstudiet. Men eg ville til ein litt meir framand stad, der eg samtidig kunne lære noko nyttig. Fleire norske advokatfirma assisterer norsk næringsliv som opererer i Kina, eller kinesiske firma som opererer her i Noreg. Så kunnskap om kinesisk rett blir nok berre meir og meir relevant for norske juristar, og Renmin University er veldig anerkjend for si juridiske utdanning. Å ha eit vitnemål derifrå er ikkje så dumt, seier Strand.

 

Lurt å lære litt språk

Ved Renmin University kan internasjonale jusstudentar velje fritt mellom alle juridiske kurs som blir underviste på engelsk. Strand meiner ein kan klare seg fint utan å lære kinesisk, men hadde sjølv nytte av å lære det mest grunnleggjande slik at han kunne bestille mat og ta taxi på kinesisk. Utanfor campus kjem ein ikkje langt med engelsk.

Medstudenten Lene F. Johnsen, som reiste samtidig med Strand, studerte ved Renmin i eitt år. Det første semesteret tok ho språkkurs i regi av universitetet ved sidan av jusstudiene, og etterpå bygde ho vidare på kunnskapen ved å lese sjølv, og snakke med kineserar og med ein fadder som universitetet utstyrte henne med.

‒ Eg trur ein heilt fint kan ha utbyte av opphaldet både sosialt og fagleg utan å lære noko særleg kinesisk, men då gjer du deg fort avhengig av andre, og du får ikkje opplevd kinesarar og den kinesiske kulturen på same måten. Å lære litt kinesisk er den beste måte å bli kjend med det ekte Beijing og Kina, og ikkje berre det internasjonale miljøet ein finn i alle storbyar i verda, meiner ho.

 

Satsar på menneskerettar

For både Strand og Johnsen var det å oppleve noko annleis og framand, ein viktig motivasjon for å reise til Kina. Også rettskulturen er annleis, fortel Strand.

‒ Det var veldig uvant at dei ikkje har nokon privat eigedomsrett, til dømes. All eigedom tilhøyrer staten. Etter at dei starta med den kapitalistiske liberaliseringa, har dei innført leigekontrakter som gjeld i 50 til 70 år. Etterpå skal eigedomen tilfalle staten att. Men dei første slike kontraktene vart inngått ved slutten av 80-åra, så det blir spanande å sjå kva som faktisk skjer når dei går ut. Vi diskuterte også problemstillingar knytt til kommunistpartiet sin påverknad på retten. Partiet står i nokre tilfelle over rettssystemet.

Strand vart overraska over å oppdage at menneskerettar er eitt av hovudsatsingsområda til Renmin University. Han opplevde at ein kunne diskutere slike spørsmål fritt på universitetet, men også at kineserar og europearar kanskje legg ulike meiningar i omgrepet menneskerettar.

Lene Johnsen fortel at det faglege utbytet varierte frå fag til fag.

‒ Eg har nok lært mest i dei internasjonale faga, og minst i dei faga som handla om kinesisk rett. Jamnt over har eg lært mest om internasjonal kontraktsrett og tvisteløysing. Men på same tid har eg lært ekstremt mykje om Kina, kineserar og deira måte å tenkje og å vere på. Det har vore veldig spennande, morosamt og rart, og det er noko eg berre kunne ha lært i Kina, fortel ho.

 

Må forstå kulturelle rammer

Dekan Asbjørn Strandbakken, som underteikna utvekslingsavtalen med dei to universiteta i Beijing under eit besøk i 2011, meiner at det å kunne sette rettsreglar inn i ei samfunnsmessig forståingsramme kanskje er den aller viktigaste eigenskapen juristar må tileigne seg.

‒ Rettsvitskapen har alltid vore internasjonal, men dei siste 25 åra har vi sett ei globalisering på ein heilt annan skala enn før. Menneskerettane, som ikkje var noko tema då eg studerte, gjennomsyrer no all norsk rett. EU har vakse fram som ein stor rettsutviklande aktør, arbeid mot kriminalitet er blitt meir internasjonalt, og økonomiske transaksjonar skjer over landegrenser i mykje større grad enn før. Alt dette vil seie at gjensidig rettsleg forståing er avgjerande innanfor alle delar av jussen, peiker han på.

Sjølv har han samarbeidd med kinesiske kollegaer, men aldri fått høve til å lære seg kinesisk eller reise dit på forskingsopphald. Det skulle han gjerne ha gjort.

‒ Kina vil ikkje bli nokon mindre global aktør framover. Både næringslivet og forvaltinga vil trenge juristar som er kjende med kinesisk rettskultur og tankegang, meiner han.

 

Ut av byen

Både Tormod Bergem Strand og Lene Johansen nytta høvet til å sjå seg om litt utanfor Beijing også. Då slepp ein også unna den berykta luftforureininga, fortel dei.

‒ Eg kjem aldri til å gløyme smogen som gjorde det umogleg å sjå toppen av bygningane. Men ein treng ikkje reise lang for å sleppe unna, seier Johansen.

‒ Det var nokre dagar der vi berre gjekk rundt i skodde, vedgår Strand.

‒ Men Beijing er også ein by det er lett å kome seg rundt i, sjølv om han er stor. Vi fekk heldigvis tid til å sjå ein god del utanom studiane.