Hjem

Klinisk institutt 1

Undervisning

K1 har som mål å være best på undervisning og utdanning av studentar. Instituttet har i fleire høve blitt heidra med undervisningsprisar, og det kan tyde på at fleire av fagmiljøa våre er langt på veg i å nå det målet.

60 emne

Klinisk institutt 1 (K1) har ansvaret for i kring 60 emne fordelt på studieprogramma medisin, odontologi, bachelor- og masterutdanning i ernæring, bachelor i tannpleie, og har det faglege ansvaret for andre emne på masternivå, i tillegg til fleire forskarkurs.

 

Klinisk tilnærming

Hovudvekta av K1 sine emne er innan medisin og ernæring, og dei fleste medisinemna som K1 har ansvar for er kliniske emne. Det vil seie at undervisninga skjer på sjukehusa og studentane møter pasientar nesten dagleg.

Ei viktig side av medisinutdanninga er at studentane lærer praktiske, medisinske ferdigheiter. Den læringa skjer både på Haukeland universitetssjukehus, og særskilt under praksisperiodane ved dei samarbeidande sjukehusa i Stavanger, Haugesund, og Førde. Instituttet har nært og godt samarbeid med dei samarbeidande sjukehusa, både på undervisning og forsking, og mange av våre kollegaer er tilsett der. 
K1 sine førelesarar er og rettleiarar for medisinstudentane si særoppgåve og for studentar på forskarlina. Forskarlina er eit spesialtilbod for ei gruppe lege- og tannlegestudentar (inntil 10%) som har interesse for medisinsk forsking og som kan tenkje seg å forske parallelt med studia. Les meir om forskarlina her.

 

Ny studieplan i 2015

Ny studieplan i medisin byrjar med 2015-kullet, det vil seie at dei studentane som byrjar på medisinutdanninga ved Universitetet i Bergen hausten 2015 vil få ei anna studieplan enn tidlegare kull. Det nye med planen er at den har ei større vekt på undervisning i smågrupper, integrert læring, pasientkontakt, auka bruk av digitale læremidlar, samt praksisnær læring i heile regionen.

 

Ernæring

Fagområdet ernæring ligg òg under vårt institutt og det gjer at K1 har ei særskilt oppgåve innan ernæringsstudia; bachelor i human ernæring, master i human ernæring og master i klinisk ernæring.
Den kliniske masteren gir deg det teoretiske, praktiske og åtferdsmessige grunnlaget som er nødvendig for å utøve yrket som klinisk ernæringsfysiolog.
Den humane masteren er ei tverrfagleg studieretning sett saman av emne frå fleire fagmiljø. Målet med studieretninga er å gi deg kjennskap til biokjemiske og fysiologiske mekanismar for fordøying og stoffskifte av ulike næringsstoff. Denne studieretninga har ein marin profil, det vil seie at problemstillingane i masteren blir definerte innan området ernæringsfysiologi med særlig fokus på marine ressursar.
Dei fleste emna i ernæring er K1 sitt faglege ansvar, og spesielt gir instituttet mellom anna undervisning i ernæringsfaglege områder som klinisk ernæring, ernæringsbiokjemi, livsstil og lisløp og fordøyelse. Nokre ernæringsemne blir undervist av andre institutt og fakultet. Det tverrfaglige koordineringsarbeidet har K1 og felles studieadministrasjon mellom Klinisk institutt 1 og 2  det administrative ansvaret for.

 

Best mogleg undervisning

Mange av førelesarane ved K1 har motteke priser for deira gode undervisning og ekstraordinære innsats og engasjement for studentane. Blant anna fekk me læringsmiljøprisen 2014 ved Universitetet i Bergen, og avgangskullet i medisin gav K1 pris for beste undervisar og beste læringsmiljø i 2014. Dette er vi stolt av og det er godt å få bekrefta at målretta og hard jobbing for å gje studentane ein best mogleg undervisning og studiekvardag gjer gevinst. Det er ei viktig investering i framtida!