Hjem
Klinisk institutt 1

Helseheltar i BT

Bergens Tidende har nyleg starta ein serie artiklar dei kallar ”Helseheltane”, om kvardagsheltane i helsevesenet. Med den tette tilknytninga K1 har til klinisk praksis, er det kanskje naturleg at vi vil finne reportasjar om fleire av våre tilsette her.

Bernt Engelsen med fornøgd pasient.
Bernt Engelsen med fornøgd pasient.
Foto/ill.:
Jan M. Lillebø

Hovedinnhold

Leiv Hove

Leiv Hove er professor i ortopedisk kirurgi ved K1, seksjonsoverlege og leiar for Nasjonalt senter for tetraplegi-kirurgi på Haukeland Universitetssjukehus.

Tetraplegi-kirurgi hjelper ryggmargskadde til å få funksjonen tilbake i hender og armar. Slik operasjon er mogleg for dei som ved ei ulukke eller skade har brekt nakken og blitt lam frå halsen og ned, det vil seie skadar ved femte eller sjette nakkevirvel. Som regel har dei intakt muskulatur i nakke og skuldrer, men ikkje i hendene. Ved å flytte på musklar og sener, og transplantere sener frå beina, kan pasienten igjen klare å strekkje armen og få gripetak med hendene.

Totalt er det snakk om fire operasjonar for begge armane. Operasjonen kan utførast sjølv om skaden er fleire år gamal, og kan gjere totalt pleietrengande i stand til å gjere mykje sjølv. Dette gjev for dei fleste eit heilt nytt liv!

I fjor blei det offisielt at Haukeland Universitetsjukehus er i tetsjiktet for denne type operasjonar då Nasjonalt senter for tetraplegi­kirurgi ble oppretta i Bergen.

Les BT-artikkelen her.

 

Bernt A. Engelsen

Bernt A. Engelsen er professor II ved K1, nevrolog og leiar eit tverrfagleg epilepsiteam på Haukeland Universitetssjukehus, Nevrologisk avdeling. Han og teamet følger årlig rundt 100 innlagde epilepsipasientar til spesialundersøkingar. Nokre over kort tid, andre over fleire år.

Ved å følge utviklinga til pasientane kan Engelsen gje best mogleg råd om behandling, utdanning og yrkesmessig vegleiing. Pasientane set stor pris på denne støtta. Pasienten som uttalar seg i artikkelen seier det er takka vere Engelsen at ho har kunna tatt utdanning, fått jobb og sertifikat, og at ho turte å få barn!

Engelsen synes det er viktig å hjelpe pasientane til ein best mogleg funksjon i samfunnet. Han er glad for at folk med epilepsi møter færre fordommar enn før, men han ønsker seg fleire arbeidsgjevarar som tør å tilsette personar som ikkje kan jobbe full stilling.      

Les BT-artikkelen her.