Hjem
Klinisk institutt 1
Nyhet

Antal blodtransfusjonar kan halverast hos pasientar med blodforgiftning

Anne Berit Guttormsen frå K1 og Brit Sjøbø fra Haukeland Universitetssjukehus har saman med nordiske kollegaer publisert ein artikkel i det førande legevitskapelege tidsskriftet The New England Journal of Medicine som visar at blodtransfusjonar kan halverast hos pasientar med blodforgiftning.

Photo of Anne Berit Guttormsen and Brit Sjøbø
Anne Berit Guttormsen og Brit Sjøbø
Foto/ill.:
Kari Nytun

"Hot topic"

TRISS studien eller Transfusion Requirements In Septic Shock blei også presentert på «hot topic session» på den europeiske intensivkongressen i Barcelona same dag.

Halvere forbruket av blod

Studien inkluderte 1005 pasienter med septisk sjokk frå 32 intensivavdelingar i Skandinavia. Blodtransfusjon til pasientar blir hyppig brukt på intensivavdelingane ettersom ein meiner at lav blodprosent er skadeleg for desse svært sjuke pasientene. Resultata frå studien viser derimot at ein kan halvere forbruket av blod og redusere andelen av pasientar med blodforgiftning som får blod med ein tredjedel.

Forsøket er den største av sin art, og resultata vil danne basis for forbetra behandling av pasientar med blodforgiftning. Blodforgiftning rammar årleg tusenvis av nordmenn og millionar globalt, så resultata kan få stor betydning for det samla forbruket av blod.

Dette har også positive samfunnsøkonomiske konsekvensar, ettersom kostnaden for transfusjonar er høg.

Nivå 2-publikasjon

TRISS studien vart publisert i New England Journal of Medicine (NEJM) 1. oktober 2014. Studien er gjennomført i regi av SCCTG, Scandinavian Critical Care Trials group, og er nettverket sin andre store studie. Den såkalla 6S studien som undersøkte væskebehandling, bruk av Ringer acetat eller HES i den primære væske-resusciteringa av pasientar med alvorleg sepsis blei publisert i 2011, også i NEJM.

Kortversjon

Anne Berit gjev oss ein kortversjon av studien:

Det er høg forekomst av lav blodprosent hos kritisk sjuke pasientar og 40-50% av intensivpasientane får blodoverføring under intensivopphaldet. 90% av transfusjonane gjennomførast hos pasientar som ikkje blør. Studiar har vist at Hb triggergrensa er vanlegvis ca 8,5 g/dl. I TRISS studien undersøkte vi effekten av blodtransfusjon hos pasientar med septisk sjokk. Vi undersøkte effekten og sikkerheita i å bruke ei lav og ei høg triggergrense for blodoverføring.  Pasientane blei randomisert i to grupper. Den eine gruppa fekk blodtransfusjon når Hb gjekk under 9 g/dl, den andre når Hb gjekk under 7 g/dl. Primært endepunkt i studien var 90 dagars overleving. Studien konkluderar med at det er same overleving i dei to studiegruppene. Pasientane som fekk blodtransfusjon med Hb < 7g/dl fekk 50% færre einingar blod og 36% av denne gruppa fekk ikkje blodoverføring under opphaldet. I gruppa som fekk blodtransfusjon når Hb gjekk under 9 g7dl var det berre 1% av pasientane som ikkje fekk blodtransfusjon.

Se publikasjonen i New England Journal of Medicine her.