Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
FORSKINGSFORMIDLING

UiB og BIFF - Bergen internasjonale filmfestival

Vi samarbeider med Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) 17.- 26. oktober. I år blir det konkurransen Gulluglen, debattar og filmvisningar på campus. Mange tilsette og studentar er involverte i festivalen, og desse får også gunstige billettprisar.

Neste
Tegning av en fugl
Gulluglekandidat: Biocentrics:Den største designeren av alle er naturen selv. Engelsk/spansk/portugisisk film av Fernanda Heinz Figueiredo og Ataliba Benaim.
Foto/ill.:
Biocentrics/BIFF
1/5
Bilde fra fimen El Equipo
Gulluglekandidat::El Equipo: Den øyeåpnende historien om rettsantropologene som sendte det argentinske diktaturet i fengsel. Spansk/engelsk film av Bernando Ruiz.
Foto/ill.:
El Equipo/BIFF
2/5
En mann foran hyller fylt av hodeskaller
Gulluglekandidat: Remains: Eldgamle knokler, banebrytende forskning og etiske dilemmaer. Dansk/engelsk film av Linus Mørk.
Foto/ill.:
Remains/BIFF
3/5
En ark
Gulluglekandidat: The Arc of Oblivion: En fascinerende dokumentar om menneskehetens behov for å dokumentere og arkivere. Engelsk/fransk film av Ian Cheney.
Foto/ill.:
Arc of Oblivion/BIFF
4/5
Bilde fra Svalbard med snø og barn som har akebrett, vinterklær og refleksvester
Gulluglekandidat: The Visitors: En tankevekkende dokumentar om klimaendringer, turisme og lokal identitet på Svalbard. Norsk/engelsk/tsjekkisk film av Veronika Lišková.
Foto/ill.:
Visitors/BIFF
5/5
Tilbake

Hovedinnhold

Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) går av stabelen frå 18. oktober til 26. oktober. Festivalen er ei årleg storhending i Bergen. Mange studentar og tilsette er involverte i festivalen som debattdeltakarar, innleiarar, frivillige eller jurymedlemmer og publikum.

Gulluglen 2023

Kvart år konkurrerer fem filmar om Gulluglen, prisen for beste forskingsformidlingsfilm. Sjå filmane i bildekarusellen. 
Vinnarfilmen blir kåra av skarpe akademikarar ved universitetet. Årets jurymedlemmer er Dorinde KleinegrisTrond Holmen Erlien og Salwa Suliman. Vinnaren får 25 000 kroner som er gitt av UiB.  
Universitetslektor Håkon Tveit er BIFF sin leiar for arbeidet med Gulluglen.  

Framsyningar og debattar med UiB og BIFF

Universitetet i Bergen samarbeider med BIFF om desse arrangementa:

Laurdag 30. september: UiB Innsikt x BIFF

Gratis visning av filmen PERIODICAL i  samarbeid med serien UiB Innsikt. 
Denne hausten har UiB Innsikt-serien kvinnehelse som tema.
Visning i Storsalen, Nygårdsgaten 5.

Tirsdag 17. oktober: Gratis framsyning av dokumentaren "Periodical"

Det medisinske fakultet inviterer tilsette og studentar til gratis framsyning av dokumentaren Periodical som handler om den hormonelle syklusen til kvinner, og alt den inneber.  Auditoriet, Armauer Hansens hus kl 16.00

Torsdag 19. oktober: Innleiing om mineral i djuphavet og berekraft 

Før visninga av dokumentarfilmen Deep Rising i KP12 kl 15.45 vil professor Edvard Hviding ved Institutt for sosialantropologi halde ei innleiing om temaet.

Filmen handlar om utvinning av sjeldne metall på havbotnen – og om ei slik utvinning er ein fundamental trussel mot livet i djuphavet

Fredag 20. oktober: 60 år med akademisk samarbeid mellom Bergen og Sudan

Samtale og markering av 60 år med akademisk samarbeid mellom Bergen og Sudan etter syninga av filmen Goodbye Julia (16:30, KP10). 18:45 på Kulturhuset, Vaskerelven 8.
Gratis, ope for alle.
Samarbeid mellom BIFF, Universitetet i Bergen, Christian Michelsens Institutt og SNAC-prosjektet.

Fredag 20. oktober: Klima og berekraft i India

Før visninga av filmen Against the Tide av Sarvnik Kaur kl 15.30 held Ragnhild Overå, professor ved Institutt for geografi, innleiing. 

Filmen er ein poetisk dokumentar om vennskap, tradisjon, modernitet og overfiske, og ein del av Klimafestival-programmet.  Med utgangspunkt i vennskapen mellom Rakesh og Ganesh fortel AGAINST THE TIDE ei historie om tradisjon versus modernitet og profitt versus berekraft, som er like dagsaktuell i Noreg som i India.

Fredag 20. oktober: Natursyn og biomimikk – ein samtale om Biocentrics

Kl 16:30 (etter visninga av Biocentrics kl 14:30) - Kulturhuset. Gratis, ope for alle
Vigdis Vandvik og Espen Gamlund skal delta i samtale over det grunnleggende tilhøvet mellom menneske, natur og teknologi, og mellom anna drøfte spørsmåla: Kva er natursyn, og kor viktig er natursynet eigentleg for korleis vi behandlar naturen? Er eit endra natursyn ein veg ut av miljøkrisa og naturkrisa vi står overfor? Kan vi lære av og kopiere naturen, utan å utnytje han? Og kva plass har vi menneske i naturen i dag?  

Søndag 22. oktober: Tørke og klimaendringar i Kenya

Før visninga av filmen Between the Rains av Andrew H. Brown og Moses Thuranira kl 20.00 blir det innleiing av Erik Kolstad, forskar ved NORCE og tilknytta Bjerknessenteret for klimaforskning.

I denne taktile og stemningsfulle dokumentaren blir vi med til Turkana-Ngaremara-folket i det nordlege Kenya, som opplever sin verste tørke i manns minne. Her møter vi gjetarguten Kolei, som veks opp i ei tid då klimaendringane er i ferd med å gjere det umogleg for folket hans å leva slik dei har gjort i hundreår. Filmen er ein del av Klimafestival-programmet.

Mandag 23. oktober: Paneldebatt om sosial urett etter Breaking Social

Filmen Breaking Social er ein dokumentar om sosial urett som blir vist på Bergen kino kl 12.20. GRIP (Global Research Programme on Inequality) ved Institutt for sosialantropologi, U4 og CMI samarbeider om ein debatt om ulikheit, korrupsjon og sosial kontrakt på Kulturhuset etter visninga. Meir om debatten hos GRIP.

Mandag 23. oktober: Samtale etter filmen Green City Life

Etter visninga av GREEN CITY LIFE (kl 16 i KP12) blir det samtale og markering i Lillesalen på Kulturhuset.

Vertikale grøntareal og økologiske tilnærmingar til arkitektur er mellom tiltaka som legg grunnlaget for grøne storbyar i framtida. GREEN CITY LIFE tek oss med på ei reise rundt jorda for å sjå nærmare på inspirerande initiativ for å minske karbonavtrykk, betre luftkvalitet og sikre matforsyninga i urbane strøk.

Med i samtalen som startar kl 18 er Ane Johannesen fra Det medisinske fakultet, UiB, Tarje Wanvik, Bergen kommune, og Agnes Vevle Tvinnereim, samfunnsarkitekt i VILL. Stina E. Oseland, direktør for Klimaetaten leier samtalen. Arrangementet på Kulturhuset er gratis og ope for alle. Arrangementet på Facebook.

Tysdag 24. oktober: Gulluglen 10 år 

24. oktober feirer vi ti år med filmprisen Gulluglen med visning av EL EQUIPO. Etter filmen feirer vi jubileet på Kulturhuset, Vaskerelven 8, med en mottakelse. Mer om mottakelsen som starter kl 19 her.

Tysdag 24. oktober: Samtale om The Visitors

The Visitors er ein tankevekkande dokumentar om klimaendringar, turisme og lokal identitet på Svalbard. Etter visninga av filmen kl 15:30 blir det samtale i samarbeid med Institutt for sosialantropologi kl 17:00 i Rommet. Gratis, ope for alle.

24.-26. oktober: Armauer Hansen Internasjonale Filmfestival

I 2023 er det 150 år sidan Gerhard Armauer Hansen oppdaga leprabasillen.
Festivalen består av filmframsyningar av dokumentarar og fiksjonsfilmar med innhald knytta til tematikken, samt eigne visningar for skoleklasser, og avslutter 150-årsmarkeringa i Bergen. UiB-forskar Magnus Vollset deltek. Sjå programmet her.

Onsdag 25. oktober: Gratis visning og diskusjon om Twice Colonized

LawTransform og BIFF viser filmen Twice Colonized i Tivoli, Det akademiske kvarter, kl 19.30. 
Etter filmen blir det diskusjon om filmen og tema som forvaltning i Arktis, urfolk og kolonialisme med førsteamanuensis Aaron Spitzer på Ulrike Pihls hus, fra kl 21. Gratis og ope for alle, lett servering. Les meir om filmen og arrangementet her

Torsdag 26. oktober: Debattmøte om gruvedrift på havbotnen

I samband med visning av dokumentarfilmen Deep Rising arrangerer Universitetet i Bergen og Havforskningsinstituttet eit ope debattmøte om gruvedrift på havbotnen i samarbeid med BIFF kl 18.15 på Kulturhuset, Vaskerelven 8.
Gratis og ope for alle.
Meir informasjon: Ocean Futures 2030: Gruvedrift på havbunnen

Rabatt til UiB-tilsette og studentar

Tilsette får rabatt på billettprisen - 83 kroner per billett - ved framsyning av tilsettkort. Tilbodet er begrensa til ein billett per person per film. Ein kan også kjøpe rabatterte billettar på nett, og syne tilsettbeviset ved inngangen. 
Prisen for studentar er 80 kroner per billett. Ordinær pris er 110 kr.