UiB og BIFF - Bergen internasjonale filmfestival
Vi samarbeider med Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) 16.-24. oktober. I år blir det konkurransen Gulluglen, utstilling og debattar. Mange tilsette og studentar er involverte i festivalen, og desse får også gunstige billettprisar.
Hovedinnhold
Bergen internasjonale filmfestival (BIFF) går av stabelen frå 16. oktober til 24. oktober. Festivalen er ei årleg storhending i Bergen. Mange studentar og tilsette er involverte i festivalen som debattdeltakarar, innleiarar, frivillige eller jurymedlemmer og publikum.
Gulluglen 2024
Kvart år konkurrerer fem filmar om Gulluglen, prisen for beste forskingsformidlingsfilm. Sjå bilete frå filmane i bildekarusellen.
Meir om filmane og billettar finn du her: Gulluglen.
Vinnarfilmen blir kåra av skarpe akademikarar ved universitetet. Årets jurymedlemmer er Anand Bhopal, Ingrid Ovidia Moe Telle og Lene Johannessen.
Universitetslektor Håkon Tveit er BIFF sin leiar for arbeidet med Gulluglen.
Arrangement med UiB og BIFF
Universitetet i Bergen samarbeider med BIFF om fleire arrangement og debattar under festivalen. Etter kvart som aktivitetane er klare legg vi ut informasjon om dei her:
Utstillinga More Than Meets AI
Utstillinga More Than Meets AI ser nærare på den kunstige intelligensen si rollee i kreativitet, narrativ og kunstnerisk innovasjon. Som ein del av ei større utstilling samarbeider Senter for digitale fortellinger med BIFF om et utstlllingsrom i Georgernes Verft 12 i perioden 16. oktober-24. oktober. Åpningsarrangement 16. oktober 18.30. Ope kl 14.00-20.00.