Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Farlege fiendebilete

Legitimeringa av kritikk mot politisk islam har ført til at muslimar er blitt fritt vilt, meiner minoritetsforskar Randi Gressgård.

Hovedinnhold

Det er viktigare enn nokon gong å fokusere på konstruksjonen av «oss» og «dei andre» som føregår i innvandrings- og integrasjonsdebatten. Dette polariserer debatten ved å skape fiendebilete. Dersom vi tek utgangspunkt i den såkalla krigen mot terror, er det snakk om liv eller død for mange millionar menneske, seier Randi Gressgård, som er
tilknytt forskingsmiljøet IMER ved Universitetet i Bergen.

- Muslimar har langt på veg blitt fritt vilt i denne krigen mot terror, og det er oppsiktsvekkjande kor langt ein kan gå. Dette gjeld ikkje berre brot på menneskerettar i krig, men også ytringar og handlingar på kvardagsplanet i vestlege land, Noreg inkludert.

Muslimar blir utsett for verbale åtak frå majoriteten. Fysiske åtak, altså hatkriminalitet eller rasistisk vald, er enno unntak, men skjer likevel. Det er ikkje så mykje ut frå hudfarge som ut frå kulturelle og religiøse markørar, slik som religiøse hovudplagg, at ein blir skjelt ut og trakassert i kvardagen. Difor er det rimeleg å snakke om kulturrasisme.

 

Dokumenter