Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Då militæret vart feministar

Feministiske verdiar var ein del av retorikken då krigen mot Afghanistan skulle legitimerast, meiner minoritetsforskar Randi Gressgård. Ho har eit kritisk blikk på den vestlege fridomsretorikken som også møter innvandrarar til Vesten.

TALSKVINNE FOR ISLAM. Journalisten Yvonne Ridley var fanga i ti dagar av...
TALSKVINNE FOR ISLAM. Journalisten Yvonne Ridley var fanga i ti dagar av Taliban like før Operation Enduring Freedom tok til i 2001. Nokre år seinare konverterte ho til islam. I dag er ho ei frittalande talskvinne for islam, og angrip vestlege forestillingar om islam og muslimar.
Foto/ill.:
Scanpix

Hovedinnhold

TEKST: Gudrun Urd Sylte

Då militære tanks rulla inn i Afghanistan i oktober 2001, skulle Taliban og terroraktivitetar reinskast ut av Afghanistan. USAs krig mot terror var i gang, med den skulle folket – og særleg kvinnene, frigjerast frå det undertrykkande Taliban-regimet. Operasjonen som framleis er i full gang, heiter Operation Enduring Freedom. I dag er det på papiret demokrati i landet, og jenteskular er opna igjen, men likevel meiner mange at krigføringa verken har skapt reell fridom eller demokrati.

– Som i krigsretorikken før invasjonen av Afghanistan, er omgrepa demokrati, fridom og kjønn ei sterk kopling i vestleg politikk, meiner Randi Gressgård, sosiolog ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking ved UiB. Ho er med i det tverrfaglege forskingsprosjektet «Thought as Action: Gender, Democracy, Freedom» som starta opp i fjor.

Eksport av vestlege verdiar

I forskinga si granskar Gressgård rammeverket for dei vestlege verdiane som blir eksportert til «dei andre», anten desse «andre» definerast innanfor eller utanfor den vestlege nasjonalstaten.

– Dei tre orda kjønn, demokrati og fridom fungerer både som mobiliseringsgrunnlag og målsetting for utanrikspolitikk og militære operasjonar. Det føregår ei sivilisasjonsmisjonering blant anna i Afghanistan, seier Gressgård.

Der ein tidlegare snakka om usiviliserte land og primitive, ikkje-rasjonelle folkeslag, er «dei andre» i dag snakka om meir som udemokratiske og illiberale, meiner Gressgård.

– USA sin retorikk i krigen mot terror er mest slåande, men ein ser det også i Noreg på korleis demokratiske verdiar, ytringsfridom og kvinnefrigjering både er grunnlag og mål for integreringspolitikken.

Homotoleranse

I integreringsdebattane kjem det fram korleis ein ønskjer å påverke innvandrarar til å bli ideelle statsborgarar med dei rette verdiane. Gressgård viser spesielt til Nederland, der ein har ein statsborgarskapstest av innvandrarar. I eit av spørsmåla
vert ein vist et bilde av to kyssande menn, og innvandrarane vert så spurt om reaksjonane sine på dette. For å bestå testen må ein vise toleranse for homoseksualitet.

– Liberal toleranse for homoseksualitet blir ein syretest på om ein kvalifiserer for statsborgarskap og er ein integrert innvandrar.

Våren 2008 vann Mohammad Usman Rana Aftenpostens kronikkonkurranse med kronikken «Den sekulære ekstremismen». Rana meiner at meiningar basert på gudstru ikkje vert tolerert i den offentlege debatten i Noreg, og argumenterer for at det sekulære hegemoniet trugar eit mangfald og degraderer truande. I mediedebatten som følgde vart fridom diskutert nettopp gjennom islam og homoseksualitet. Rana vart blant anna skulda for å være ein islamist som ikkje har tatt klar avstand frå dødsstraff for homoseksualitet i Iran.

– Rana har elles tatt klar avstand frå dødsstraff. Men det som er mest interessant i denne samanhengen, er at ein ventar at etniske og religiøse minoritetar, spesielt muslimar, skal tilslutte seg visse normer og verdiar i storsamfunnet. Det er ikkje nok å følgje lova, seier Gressgård.

Oss og dei

Forskaren meiner at den normative fridomen vert brukt til å definere kven som er innanfor og utanfor når det er snakk om nasjonal identitet og medborgarskap, og at ein i vesten universaliserer og nøytraliserer eigen kultur. Den vestlege, sekulære kulturen framstår som inkarnasjonen på humanisme, med liberal fridom og demokratiske prinsipp i spissen.

– Mens nokre hevdar at liberal humanisme og likestilling mellom kjønna er universelle verdiar avhengig av kultur, påstår andre at vestleg kultur rett og slett er best. I begge tilfelle vert det fremma ei bestemt forståing av fridom, demokrati og kjønn som om den var allmenngyldig. Poenget mitt er at dei tre omgrepa ikkje er nøytrale, men får si tyding frå ei spesifikk kulturell og politisk forståing, i opposisjon til «andre» kulturar, seier Gressgård.

Alternative tydingar av demokrati

Saman med kollega Christine M. Jacobsen ved IMER (Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar) har Gressgård forska på den norske debatten om toleranse, islam og homoseksualitet.

Ho peiker på at etniske og religiøse minoritetar, særleg muslimar, blir framstilt som motstandarar av fridom og demokrati, og då særleg kvinnefrigjering og seksuell fridom. Det blir danna eit bilde av «dei andre» som styrt av sin kultur og religion, i motsetting til «oss», som tilsynelatande fritt vel kva kulturelle og religiøse normer og verdiar vi vil tilslutte oss. Ikkje minst blir «vår» valbare kjærleik sett opp mot «deira» tvangsekteskap og intoleranse mot homoseksualitet.

– Vi som forskarar er sjølvsagt ikkje motstandarar av demokrati og fridom. Men det er viktig å synliggjere ramma som disse omgrepa vert brukt og får si tyding innafor. Då kan vi samstundes drøfte alternative tydingar av fridom og demokrati, seier Randi Gressgård.

 

Kvinner i krysseld

– Kvinnefrigjeringa var vikarierande motiv i Afghanistan, seier britisk journalist.

– Før invasjonen i Afghanistan stod Laura Bush og Cherie Blair og lova frigjering av kvinnene i Afghanistan. Er det nokon som vart utnytta av sine menn var det vel desse to.

Det sa Yvonne Ridley under Nordiske Mediedager i Bergen i mai. Ho meiner frigjeringa av kvinner i Afghanistan vart brukt som tvilsame, vikarierande motiv for den amerikanske invasjonen. Ridley vart i 2001 fengsla av Taliban i Afghanistan. Seinare, tilbake i Storbritannia konverterte ho til islam. Når ho dei siste åra har reist rundt i Afghanistan, ser ho lite til kvinnefrigjeringa.

– I realiteten lagar britiske og amerikanske styrkar saman med Nato avtalar med ei gruppe menn i Afghanistan, som har motbydelige haldningar til kvinner. RAW, the Revolutionary Afghan Women’s Association, vart forskrekka då Nord- Alliansen vart invitert til å vere med å skape den midlertidige regjeringa etter Talibans fall. Bisart nok vart eit moteshow med ei
Miss Afghanistan spankulerande i bikini langs ein catwalk haldt fram som eit stort steg fram for kvinnefrigjering i landet, seier Ridley til Hubro.

Ærefulle maktmenn

At maktmennene i Afghanistan er langt frå ein fredselskande diplomat frå Vesten, kan Tor Halfdan Aase, professor i geografi ved UiB stadfeste.

– Ein fredselskar frå vesten hadde ikkje hatt stor sjanse til å komme i maktposisjon i Afghanistan. I jirgaene, som styrer på ulike nivå frå landsby til parlament, sit det innflytelsesrike menn. For å bli det, må ein ha samla opp mykje ære. Det tyder igjen at ein til dømes må ha vist styrke og mot i blodfeider. Dei fleste jirga-medlemmene har vore ganske voldsame i ungdomen. Dei som er krigsherrar og lokale leiarar har derfor ganske dramatiske personlege karrierar bak seg. Det tenker gjerne ikkje vestlege diplomatar over, seier Aase.

Tor Halfdan Aase kjenner godt områda i grenseområdet mellom Pakistan og Afghanistan, der han deltok i eit Noradprosjekt for nokre år sidan. Fjellområda i det nordvestlege Pakistan er såkalla «tribal areas», der staten har avgrensa innflytelse og folket lever etter sine gamle tradisjonar. Der er omsynet til familie og slekt viktigare enn individet sjølv. Den same forpliktinga
utover individet, som gjer at ein ikkje er fri i vestleg forstand, finn ein også i fleire kulturar. I hinduistisk tradisjon er det til dømes om å gjera å følgje sin ’dharma’, som er individet sin kosmiske lagnad og dermed si plikt som samfunnsborgar.

– Den totale individuelle fridomen vi snakkar om i vesten, den vil dei ikkje ha. Den individuelle forma for fridom er ikkje eit ideal, men snarare eit skremsel. Vår individuelle fridom blir oppfatta som einsemd. Ein skal ha forpliktingar til familie og slektningar og til samfunnet rundt seg, seier Aase.

Uheldige idear

Når Tor Halfdan Aase snakka med menn og imamar om kvinneundertrykkinga, kom det fram at dei mest fundamentalistiske imamane har eit medvite forhold til undertrykkinga av kvinner. Argumentet mot utdanning for jenter var at kvinner kan få idear som ikkje passa med kulturen, dersom dei kan lese og skrive.

– Då kan dei skrive til kvarandre og lese aviser. Dei kan forstå kva for situasjon dei er i. Dess meir analfabetisme det er, dess meir makt får fundamentalistiske imamar,
seier Aase.

Aase erfarte at styresmaktene på den pakistanske sida av grensa bygga jenteskular, som vart brukt til undervisning av gutar. I Afghanistan er det no igjen opna jenteskular, men dei er under stadige angrep frå lokalt væpna grupper. Skulane vert angripne med gass og dei vert forsøkt brent.

Får lite å seie for folket

Professor i juss, Henriette Sinding Aasen, peiker på at Afghanistan har som dei fleste land i verda ratifisert FNs konvensjon mot undertrykking av kvinner. Men sjølv om eit land har ratifisert avtalen, er det naivt å tro at den utan vidare blir implementert og gjennomført i praksis. Afghanistan er eit godt døme på dette. Ho peiker vidare på at menneskerettskonvensjonar som blir pådytta folk som oftast ikkje vert implementert i særleg grad.

– Så lenge rettane som vert innført vert opplevd som noko eksternt, noko som ikkje vert opplevd som relevant i den spesielle kulturen eller samfunnet, då får det lite å seie for folket, seier Aasen.