Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Ein raggsokk for diabetes

Ei gruppe strikkande kvinner i Nordhordland har i fjorten år strikka til inntekt for diabetesforsking. Det minner professor Pål Njølstad om at arbeidet hans er viktig for fleire enn han sjølv.

FØLING FOR FORSKING:  Alle strikkar eller heklar, men ikkje alle er...
FØLING FOR FORSKING: Alle strikkar eller heklar, men ikkje alle er diabetikarar. Strikkegeneral Bibbi Pletten ville hjelpe diabetesforskinga på veg for fjorten år og ein halv million kroner sidan. På biletet ei heklande Bibbi Pletten med Linda Grindheim til høgre.
Foto/ill.:
Gudrun Sylte

TEKST: Kristin Gjengedal og Gudrun Sylte

 – Det var ikkje så mange her i dag, seier ei blid Bibbi Pletten.

Det er tjukt av snø utanfor Nordhordlandshallen. Inne på eit møterom går praten mellom kvinnene som har forsert føret for å komme på strikkesamlinga denne februardagen. To er på kjøkenet for å lage lunsj, ni kvinner pratar, ler og strikkar. Annakvar torsdag året rundt samlar dei seg, dei strikkeglade damene i Nordhordland. Bibbi Pletten kallar seg adm.dir. Det er ho som er primus strikkemotor. Då ho gjekk av som lokallagsleiar for Diabetesforbundet, oppstod det eit tomrom.

– Det er jo nokre år tilbake i tid dette. På denne tida var det slik at ein som diabetespasient nesten visste meir enn legane. Så me tenkte me fekk hjelpe forskinga litt då, seier Pletten.

Ho samla kvinner som var heime på dagtid, og som var glade i å strikke. Både diabetikarar og ikkje-diabetikarar. Gruppa har kun eitt enkelt formål: Å samle pengar til diabetesforsking.

Takkar for hjelpa
Med jamne mellomrom dreg diabetesforskar Pål Njølstad til Knarvik for å halde føredrag for det spesielle lokallaget under Norges diabetesforbund. Det er hans måte å takke for deira hjelp: Kvinnene i foreininga er ivrige strikkarar, og opp gjennom åra har basarane deira kasta av seg om lag ein halv million kroner som er oversendt til Njølstad si forskargruppe og deira arbeid med barnediabetes.

– Og det er mykje pengar! Det er kjempeflott å få pengar frå aktørar som skal finansiere forsking,  men å få det frå ei slik foreining er noko heilt spesielt, seier Njølstad, som er professor ved institutt for klinisk medisin.

På same tid er det ei stor og spanande utfordring å fortelje damene om forskinga han driv med. Mange av dei har diabetes sjølve, dei er oppe i åra og fordriv ikkje dagane på internett.

– Etter føredraga kjem det gjerne eitt eller to spørsmål om emnet, og resten er praktiske spørsmål knytt til deira kvardag som pasientar. Då forstår ein kor ulik situasjonen er for forskar og pasient, og kor viktig det er å gjere noko som fører til betring for desse pasientane. Og ein forstår kvifor media er så opptekne av pasientane våre – det er fordi dei skriv for folk som desse kvinnene.

Må ikkje overselje
Njølstad er ikkje ukjend med å fortelje om forskinga si til utanforståande. Bergen Diabetesforskingsgruppe har fleire gonger gjort oppdagingar som er blitt publiserte i topp internasjonale tidsskrift, og han meiner at som forskarar har dei eit ansvar for å få desse resultata ut til publikum.

– Før vi går ut i media, er det to ting eg tenker på: For det første må vi vere seriøse. Kollegaene våre skal kunne lese det og vite at det vi seier, er rett. For det andre skal ein ikkje kaste blår i augo på folk med diabetes. Då misser vi truverdet vårt. I dag har folk enorme forventingar til alt det fantastiske som helsevesenet kan tilby, og nettopp difor må vi passe på at vi ikkje oversel bodskapen vår, seier Njølstad.

Lang veg mot behandling
Likevel medfører medieoppslag ein del telefonar frå folk som vil vite korleis forskingsresultata kan bli til nytte for deira eige lille barn. Men i medisinsk forsking tek det lang tid frå nye forskingsresultat blir oppdaga, til dei blir ein del av behandlingstilbodet og mange er frustrerte over dette. I tillegg kjem at nye behandlingsmetodar spreier seg til dels gjennom tilfeldige mekanismar. Ein lege kan ha vore på ein konferanse og plukka opp eitt eller anna som han byrjar ta i bruk i behandlinga, medan andre ikkje høyrer om det før mykje seinare.

– I dag er pasientar mykje meir rettigheitsorienterte enn før. Mange les om behandlingar i utlandet på nettet og spør kvifor dei ikkje kan få det same her. Då meiner eg det er viktig å ikkje avfeie dei, men møte dei på sak, spørje kva dei viser til og kanskje oppklare misforståingar. Det kan ta mykje tid, men det er viktig å gjere det, seier Njølstad.

Han meiner at forskarane også får mykje tilbake av å fortelje om det dei driv med.

– Ein må lære seg å forklare kva ein gjer og kvifor ein gjer det. Då lyt ein tenke igjennom spørsmåla sjølv, og eg trur det er veldig nyttig for ein forskar, seier Njølstad. 

Hundre tusen på kontoen
Gjennom heile året møtes dei strikkande kvinnene i Nordhordland og produserer varer til haustens basar. I tillegg sel dei handarbeida på stand på Haukeland og på kjøpesenter  i Nordhordland. Gruppa får ferdigstrikka gåver til sals, og dei mottek halvferdig strikkeprosjekt som dei fullfører og sel.  Dei får gåver med garn og garn til gode rabattar.

Det har gått fjorten år, og det har blitt ein halv million kroner til forsking. Det er to diabetesprosjekt kvinnene deler ut midlar til, Mody-prosjektet og til Diabetesforskning Vest, begge forskingsprosjekta handlar om diabetes for barn. No står det igjen litt over hundre tusen på kontoen.

– Me deler ut når det me når hundre tusen. Så no må me kalle på forskarane igjen, seier Bibbi Pletten.