Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

– Bør ha større kunnskap om sharia

Norske domstolar møter stadig oftare argument frå sharia-lovgjevinga i saker om skilsmisse og barnefordeling, men kunnskapen om sharia er låg.

Hovedinnhold

Islam og sharia har fått mykje merksemd i mediene den siste tida. Saker om tvangsekteskap og barnebruder har prega nyheitsbiletet. Kvinneundertrykking i samanheng med sharia er eit mykje debattert tema. Seinast førre veke hevda Frp-leiar Siv Jensen at det går føre seg ei snikislamisering av Noreg. Under ein tale til partiet sitt landsstyremøte viste ho til bydelen Rosengård i Malmø, og hevda med bakgrunn i ein rapport utarbeida av den svenske forsvarshøgskulen at det er sharia-lover som rådar i bydelen.

Men mange stussar på skremselsbiletet. Katja Jansen Fredriksen, doktorgradsstipendiat ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen, er ikkje bekymra for noko snikislamisering av det norske rettsvesenet, til trass for at norske domstolar stadig oftare møter argument frå sharia i familieretten i saker der muslimar er motpartar.

 

Kvinnene best orienterte

 

 

Katja Jansen Fredriksen har gått gjennom ei lang rekke saker som har vore opp i det norske rettsystemet dei seinare åra med utgangspunkt i møtet mellom norsk lov og sharia i familieretten.

– I det store fleirtalet av dommar vert argument frå sharia trekte fram. Samstundes er muslimske partar i saka redde for å dra argumenta for langt. Dei veit at mange norske dommarar sit med dei same negative tankane om sharia som folk flest, seier ho.

Dessutan viser gjennomgangen at domstolane er lite lydhøyre for argument henta frå sharia. Ifølge Fredriksen viser undersøkjingar at dei aller fleste muslimar ønsker å halde seg til norsk rett. Møtet kan likevel bli konfliktfylt.

– Familieretten skil seg ut ved å vere så sterkt kulturelt og religiøst betinga. Då oppstår det lettare konflikter, seier ho.

Til trass for at muslimske partar er opptekne av prinsipp frå sharia i familierett, tenkjer dei likevel, som nordmenn, strategisk for å gå sigrande ut av rettssaka. Ifølge Fredriksen har gjennomgangen av dommar danna eit bilete av muslimske innvandrarar som er godt orienterte om kva rettar dei har i høve til det norske rettsystemet. Spesielt peikar kvinnene seg ut som velinformerte.

– Vi opplever ofte kvinnene som den svake parten i slike saker, men ofte har dei vel så god kjennskap til kva rettar dei har som mennene. Kvinner med minoritetsbakgrunn får ofte tilbod om fleire kurs og kan dermed halde seg meir oppdaterte enn menn som raskare kjem ut i arbeidslivet. I mange av rettssakene vert det lufta frustrasjonar kring denne skilnaden i kunnskapsnivået. Til sjuande og sist er det eit spørsmål om rettstryggleik for begge partar, seier ho.

 

Saknar debatt

 

 

Fredriksen meiner at interessa for problemstillinga kring norsk rett og sharia er aukande. Ho understrekar at ein i norsk rett har gode høve til å stoppe praksisar som strir mot allminneleg norsk rettskjensle, som til dømes tvangsekteskap og polygami, men peikar på at avgjersler i norsk rett ikkje alltid er til praktisk hjelp for kvinner i praksis. Sjølv om kvinner som ønsker det får skilsmisse i Noreg, vert ikkje nødvendigvis skilmissa anerkjent etter sharia. Når den norske skilsmissa ikkje blir anerkjent i kvinnene sitt opprinningsland, kan dei dermed ikkje gifte seg på nytt utan å risikere å bli straffedømde, medan mannen står fritt til å gifte seg på nytt. Fredriksen meiner at ein i større grad må tore å drøfte aktuelle konflikter mellom norsk rett og sharia.

Samstundes saknar ho ein debatt om kva prinsipp ein skal ta omsyn til og ikkje i familieretten. Ho meiner at ei løysing i mange tilfelle kan ligge nærare enn ein trur.

– Enkle kontrollspørsmål kan somme tider løyse konflikta. Mellom anna er spørsmålet om skilsmisse ofte avklart i kontrakta partane har skrive under på i henhold til ekteskap inngått i heimlandet. Dersom begge partar er samde om innhaldet i kontrakta, er det ikkje nokon grunn til å ikkje vise omsyn til dette i ein norsk rettssak, seier Fredriksen.

 

– Taper på å snu ryggen til

 

 

Ho trur at ein vil tape på å ikkje ta omsyn til partane sine religiøse argument i saker der begge partar er samde om å legge sharia-normer til grunn og der desse normene ikkje strir med den allmenne rettskjensla.

– Rettspraksis viser at konfliktene berre vert forverra dersom ein ser bort frå desse argumenta. Alternativet til å vise omsyn er at muslimske partar vil ty til andre domstolliknande organ, som mellom anna mekling i moskeane. Khadra-saka har vist oss kva slags konsekvensar dette kan få, seier ho.

Ho understrekar at ein eventuell bruk av sharia-normer berre vil vere aktuelt på det privatrettslege området, ikkje i offentleg rett, og peikar samstundes på at omsynet til sharia i familieretten byggjer på folkerettslege forpliktingar.

 

Vil ha løysing innan norsk rett

 

 

Fredriksen ser føre seg tre alternativ for å ta omsyn til muslimske nordmenn sitt ønske om å innarbeide argument frå sharia i familieretten. Ei mogleg løysing er internasjonal privatrett (IPR), men straks ein av partane har opphaldsløyve i Noreg vil ein bruke norsk rett, og dermed forsvinn hensikta med IPR ifølge Fredriksen. Eit anna alternativ er å opprette eigne meklingsinstansar for familierett, etter modell av mellom anna Sharia-rådet i Storbritannia.

– I Noreg har allereie jødar og katolikkar slike domstolliknande organ innan familieretten, seier ho.

Sjølv ser ho likevel ei løysing innan norsk rett som den beste moglegheiten.

– Norske dommarar kjenner norsk rett og kan bruke skjønn. Men dei må vite kva dei gjer, og sharia er eit svært komplekst felt. Dersom ein spør muslimar om sharia får ein som regel ikkje noko eintydig svar, seier ho.

Fredriksen viser til at berre Saudi-Arabia praktiserer sharia fullt ut. Dei fleste muslimske land har implementert dei tidlegare kolonimaktene sin rett og baserer kun familieretten på sharia. Og heller ikkje her er praksisen lik. Mellom anna har Tunisia avskaffa polygami ved hjelp av argument frå islam, medan andre land opprettheld praksisen på bakgrunn av andre argument frå islam.

– Den norske domstoladministrasjonen gjev uttrykk for at dei treng meir kunnskap om feltet, seier ho.

Ho meiner at talet på saker der sharia kan kome i konflikt med norsk rett vil halde fram med å auke, og at undervisning i sharia og forholdet til norsk rett bør inn som ein del av pensumet ved Det juridiske fakultet.

– I mange europeiske land er allereie dette ein del av jusstudiet, seier ho.

Denne artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.