Hjem
Kommunikasjonsavdelingen

Utnemnt til Ridder av 1. klasse

- Dette var svært uventa, men og varmande gledeleg. Eg tek det som eit teikn på at arbeidet vi gjer har stor betyding, sa Jan Erik Varhaug.

Hovedinnhold

Av Anette Hellstrøm & Linda Hilland, Helse Bergen

Fredag 27. november vart Varhaug utnemnd til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

- Høgt skatta

Dei hissige regndråpane utanfor tok seg ei velfortent pause då Legenes hus fylte seg til randen av feststemte menneske.

Saman med den prestisjefulle ordenen overrekte Fylkesmann Svein Alsaker også rosande ord til jubilanten.

– Mange har god grunn til å takke deg for din pionerinnsats. Du og din stab er høgt skatta av pasientane, og ditt arbeid har komme store pasientgrupper til gode, utdjupa Fylkesmannen.

Dr. med. Jan Erik Varhaug er professor II ved UiB og overlege ved Kirurgisk klinikk på Haukeland universitetssjukehus. Han blir tildelt Den Kongelige Norske St. Olavs Orden blant anna for sin betydelege innsats innan medisinsk forsking.

Rosande ord frå Kvinnsland

Dei siste 25 åra har Varhaug vore ein pådrivar innan endokrin kirurgi og brystkreftkirurgi, både nasjonalt og internasjonalt. Han har vore sterkt engasjert i Norsk Brystkreft Gruppe og Norsk Nevroendokrin Tumor Gruppe, samstundes som han har vore med i fleire utval og komitear. Varhaug har rettleia fleire doktorgradskandidatar og publisert ein rekkje vitskapelege artiklar.

– Eg set stor pris på å ha deg som venn og kollega, og nyttar anledninga til å rose din faglege dyktigheit, dine organisatoriske evner og ditt behagelege vesen, understreka administrerande direktør for Haukeland Universitetssjukehus Stener Kvinnsland.

Satsar vidare

Til tross for ei lang og fruktbar karriere er ikkje Varhaug klar for å kaste inn handkleet:

- Motivasjonen for arbeidet har ikkje dabba av, tvert imot. Eg tar eitt år av gongen. Vi er inne i ein meir aktiv fase no enn det vi nokon gong har vore, og det er framleis bruk for fleire metodar og medikament, sa Varhaug.  

Førsteklasses kirurgisk arbeid

Jan Erik Varhaug er opphavleg frå Kristiansand og legeutdanna i Oslo i 1967. Varhaug har arbeida ved Haukeland universitetssjukehus sida 1973. I 1985 vart han førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, og seinare utnemnt til professor i endokrin kirurgi i 1991 - som den første av sitt slag i landet.

Ifølge dei som har anbefalt tildelinga er Varhaug særleg kjent for "førsteklasses kirurgisk arbeid, og oppfølging av den enkelte pasient som går langt utover arbeidslivets vanlige rammer ".

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.