Google bak den kinesiske muren
I mars bestemte Google seg for å slutta å sensurera søka sine innan Kina. Kva tyder det for den kinesiske nettbrukaren?
Hovedinnhold
Av Jens Helleland Ådnanes
I desember 2009 vart Google og 20 andre selskap angripne av hackerar. På Google sin eigen blogg vart angrepet skildra som ”highly sophisticated and targeted”, og retta mot gmailkontoane til menneskerettsaktivistar i Kina. Ein skal ikkje ha lukkast i å få informasjon frå kontoane.
Sidan Google vart etablert i Kina hadde selskapet sensurert søka sine på nett, i tråd med krava frå den kinesiske regjeringa. Eit søk på ”tiananmen massacre” i google.cn resulterte i eit fåtal artiklar og ”ufarlege” treff. Som ei følgje av angrepet vart det andre tonar frå Google. I eit nytt blogginnlegg den 22. mars skriv Google:
We (…) made clear that these attacks and the surveillance they uncovered—combined with attempts over the last year to further limit free speech on the web in China including the persistent blocking of websites such as Facebook, Twitter, YouTube, Google Docs and Blogger—had led us to conclude that we could no longer continue censoring our results on Google.cn.
Alle søk på google.cn vart flytta til google.com.hk, og dermed flytta til Hong Kong. Ei veke seinare vart alle søk på Google blokkert frå Kina, med kun ei feilmelding som resultat.
Entertainment Highway
Guo Liang er direktør ved Centre for Social Development at the Chinese Academy of Social Sciences (CASS), som er ein statleg tenketank. Han har vore leiar for fire større undersøkjingar vedrørande bruken av og konsekvensen av internett i Kina.
Den første var finansiert av eit kinesisk internettselskap, seinare kom større organisasjonar med. Undersøkjinga i 2007 spurde to tusen brukarar om deira vanar på nettet.Undersøkjingane viser store skilnadar mellom bruken av internett i vesten og Kina, mellom anna i kva type menneske som er på nettet.
– I Vesten snakkar ein om ”The digital divide”, eit digitalt skilje. PC-ar kostar pengar, og ein meiner at fattige ikkje har dei same høva til å bruka internett som dei rike. Slik er det ikkje i Kina. Dei fleste brukar internett-kaféar til å koma seg på nettet, og tilgangen er ikkje dyr. I vestlege land er det derimot dyrt, meiner han.
Sjølve bruken av internett skil seg også frå Vesten, meiner Guo Liang.
– Internett vert ofte skildra som ein ”Information Highway”. I Vesten bruker folk flest internett til å sjekka e-post. I Kina vil ein lesa underhaldningsnyheiter, spela spel og leika seg. I Kina er internett ein ”Entertainment Highway”. Undersøkjingane viste også at folk ikkje stoler på internett som informasjonskanal, og ser på kinesisk fjernsyn som meir påliteleg. Det overraska meg.
Ja til kontroll på nettet
Undersøkjingane syner også at dei spurde trur at internett kan gje dei meir påverknad over det politiske livet, enn folk i andre land. Fleirtalet av dei spurde i den siste undersøkjinga svarte at dei ynskjer at nettet skal kontrollerast, med rangeringa pornografi, vald, søppel-epost, og reklame. På femte plass svarar dei at politisk innhald skal kontrollerast.
– Me har også spurt kven dei ynskjer skal utføra kontrollen. Men eg visste kva svaret ville verta: staten, seier Guo Liang.
Guo Liang understrekar at han ikkje er nokon politikar, men filosof og forskar. Han understreker også at sjølv om han jobbar for ei statleg tenketank, er ikkje undersøkjingane gjort for staten. Han var ansvarleg for utføringa av undersøkjingane, som er finansiert frå ein amerikansk organisasjon.
– Sjølv om somme sider er blokkerte i Kina, er ikkje alle det. Om folk vil ha informasjon, kan ein finna det ein vil. Dei som står ansvarlege for kinesisk sensur, er ikkje av internettgenerasjonen. Blokkeringa av visse sider, og ikkje alle, er for å visa at ein gjer noko, seier han.
Nyleg publiserte Google ei oversikt over statar som sensurerer innhald eller bed om personopplysningar. Brasil og USA ligg på toppen i slike krav. Kina er ikkje med på lista, sidan dei ser på sensurkrav som statsrøyndomar, i følgje New York Times.
Liang meiner at vestleg media manglar forståing for kinesisk kultur. Han er skeptisk til Google sine val etter hacking-angrepet.
– Eg skal vedda på at folk i Vesten ikkje veit at dei aller fleste i Kina kan bruka både den ufiltrerte google.com og google.cn. Kvifor oppretta då Google eit kinesisk domene, som er filtrert? Det er deira måte å visa at dei ville følgja kinesiske lover.
Han er også skeptisk til Google si skildring av hacker-angrepet, og viser til at det er vanskeleg å bevisa at det var staten som stod bak.
Google tapte mot Baidu
Med sine 23 millionar innbyggjarar er Kina eit stort potensielt marknad. Fleire større vestlege selskap har oppnådd suksess i republikken. Derimot har dei store internettselskapa feila, i følgje Guo Liang. Til dømes var Amazon, eBay og Yahoo seine med å etablera seg i Kina, noko som førte til at kinesiske selskap kom dei i forkjøpet, hevdar han.
– Google var også for seine. Deira konkurrent i Kina, Baidu, er no den største søkjemotoren. I våre første undersøkingar var Google nummer to på lista over mest brukte søkjemotorar med 30 prosent. Då hadde Baidu berre rundt 5 prosent. Men etterkvart som det har kome til fleire brukarar, har Baidu vunne krigen. No har dei rundt 60 prosent av brukarane.
Han meiner Baidu har vore flinkare til å nærma seg det kinesiske publikummet, gjennom tenestene dei tilbyr og ikkje minst marknadsføringa, som har tiltrekt seg dei unge.
– Google kunne ha vunne denne krigen, men no er det for seint. Personleg likar eg godt å bruka Google, og brukar sjelden Baidu. Likevel er eg kritisk til at Google seier ein ting, og gjer ein annan. Om google.cn var så ”evil”, kvifor lanserte dei tenesta då, spør han og viser til Google sitt uoffisielle slagord ”Don’t be evil”.
– Eg trur ikkje Google si avgjerd er bra for dei eller demokratiet. Eg er ikkje sikker på om avgjerda deira er politisk eller økonomisk motivert. Å gjera det til ei politisk sak kan føra til at Google mister det kinesiske folket si støtte, seier nettforskaren.
Guo Liang held føredrag i fredagsseminaret til Demokrati og rettstat 4. juni.
Demokrati og rettsstat
- Universitetet i Bergen etablerte i 2008 Demokrati og rettsstat som strategisk satsingsområde.
- Ei rekke institutt, sentre og program ved UiB er med i satsinga, i tillegg til eit samarbeid med Christian Michelsens institutt, Uni Global og Rokkansenteret.
- Henriette Sinding Aasen, professor i juss ved UiB er fagleg koordinator og leiar for programstyret.
- Sentrale spørsmål i forskingssatsinga er blant anna: Kor levedyktige er våre demokratiske institusjonar? Kan demokratiet overleve utan ytringsfridom? Korleis balanserer vi mellom rettsvern for individ og demokratiske styreformar?
Kjelde: Demokrati og rettsstat
Ytringsfridom på nett
- Lista over ”Fiendar av internett” 2010 i følge Reporters Without Borders (RSF):
- Saudi Arabia, Burma, China, Nord-Korea, Cuba. Iran, Usbekistan, Syria, Turkmenistan og Vietnam.
- I Burma, Nord Korea, Cuba og Turkmenistan er det tekniske og finansielle barrierar for nettbruk i tillegg til store samanbrot. I periodar med uro er det vanleg at tilgangen til internett vert stengt eller farten sett ned. Internett sitt potensiale til å vere ein direkte portal til resten av verda står som ein motpol til desse regima sin tendens til å isolere sine innbyggjarar. I Burma vert opposisjonen sine nettsider blokkert. Det blir tatt ”screen shots” av skjermane på alle internettkafear i landet kvart femte minutt for å overvake kva sider brukarane nyttar.
- I Iran er over ti millionar ”umoralske” nettsider blokkert. Pornosider saman med politiske og religiøse sider er mest blokkert, i tillegg til sider om kvinner sine rettar. I Kviterussland har regjeringa monopol på all telekommunikasjon, og blokkerer opposisjonen sine nettsider, gjerne kring valtider.
- I Saudi- Arabia og Usbekistan er nettbrukarar utsett for så kraftig filtrering av nettsidene, sat nettbrukarane vel å sensurere seg sjølve. I Kina, Egypt, Tunis og Vietnam har styresmaktene ein stram kontroll over det politiske og sosiale innhaldet på nettet, i tillegg til at styresmaktene er svært intolerante overfor kritiske meiningar.
- Fleire demokrati er den siste tida sett under overvaking, deriblant Australia som innfører eit utvikla filtreringssystem. I Russland er ytringsfridomen på nettet utfordra ettersom fleire bloggarar den siste tida har vorte arrestert og rettsforfølgt. Det er ein reell risiko for at nettet vert eit verkty for politisk kontroll. I Tyrkia vert emne som omhandlar Ataturk, militæret, minoritetar (kurdarar og armeniarar) blokkert. Bloggarar og nettbrukarar som uttalar seg fritt om desse tema vert stilt for retten.