Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyheit frå På Høyden

Jern-Erna heldt ord

Partifarge bestemmer i stor grad den norske innvandringspolitikken. Spesielt Høgre merkar seg ut.

Hovedinnhold

Då Høgre-leiar Erna Solberg vart kommunal- og regionalminister i 2001 stramma ho inn på behandlinga av asylsøknader og fekk tilnamnet Jern-Erna. Innvandringspolitikk dukkar med jamne mellomrom opp som eit tema i valkampane. Medan dei konservative pleier legge seg på ei restriktiv linje i løfta til veljarane, har sentrumspartia og dei radikale lova ei meir liberal tilnærming.

Men held partia det dei lovar? Ein doktorgradsstudie frå UiB viser at Høgre-leiaren fortener namnet Jern-Erna. Regjeringar der Høgre er representerte har hatt ein strengare innvandringspolitikk som også i praksis har medført lågare innvandring.

– Uavhengig av kva ein meiner om innvandring, så tener dette til heider for Erna Solberg. Ho var tydeleg på partiet sin innvandringspolitikk og talet på innvandrarar i denne perioden samsvarer med dei signala ho gav, seier Frøy Gudbrandsen, stipendiat ved Institutt for samanliknande poltikk.

Godt samsvar

Gudbrandsen har sett på det faktiske talet på innvandrarar sett opp mot kva partia seier om innvandring. Ho har teke føre seg partia sine program og samanlikna desse med kor mange som har fått opphaldsløyve med dei ulike partia i regjeringsposisjon. I dei tilfella der innvandring anten har fått liten plass eller ikkje er nemnt i partiprogramma, har ho brukt avisartiklar der sentrale politikarar uttaler seg om partiet sin innvandringspolitikk. Gjennom statistiske analyser har ho kontrollert for andre tilhøve som påverkar talet på opphaldsløyver.

Samanlikninga teiknar i hovudsak eit bilete av politiske parti som held det dei lovar i innvandringspolitikken. Høgre har hatt ministeren med ansvar for innvandring når dei har vore i regjeringsposisjon og har dermed hatt godt høve til å påverke innvandringspolitikken i retning av lågare innvandring slik dei har signalisert.

Fleire innvandrarar har fått opphaldsløyve under Arbeiderpartiregjeringar og under sentrumsregjeringa, noko som er i tråd med at desse partia har uttrykt meir liberale synspunkt i høve til innvandring enn Høgre. For Arbeiderpartiet sin del er det eit godt samsvar mellom dei signala partiet har gjeve og den faktiske innvandringa i periodar der partiet har hatt regjeringsmakt.

Analysen strekk seg frå 1985 til 2005. Den raud-grøne regjeringa sin innvandringspolitikk er difor ikkje omfatta av studien.

– Men inntrykket førebels er at Arbeiderpartiet i alle fall ikkje har bevega seg i ei meir liberal retning, seier Gudbrandsen.

Sentrum svikta

Det klare samsvaret mellom Høgre og Arbeiderpartiet sine partiprogram og den innvandringspolitikken som vert ført, er ikkje like klar for Kjell Magne Bondevik si sentrumsregjering sin del. Ein kunne forvente ein stor skilnad mellom Arbeiderpartiregjeringa og sentrumsregjeringa ut i frå sentrum si liberale haldning i forkant av valet i 1997. Skilnaden uteblir.

– Sentrumsalternativet gav tydelege signal om at dei ville liberalisere innvandringspolitikken under valkampen, men i perioden med sentrumsregjeringa var det ikkje fleire som fekk opphald enn under Arbeiderpartiregjeringa. Sentrumspartia hadde sikkert gode intensjonar, men det ser ut til at liberaliseringa var mest symbolsk, seier Frøy Gudbrandsen.

Gudbrandsen peikar på at sentrumsregjeringa berre blei sitjande ved makta i 2 ½ år og at dette kan bety at regjeringa ikkje fekk avslutta det arbeidet dei hadde påbegynt i innvandringspolitikken.

– Den Arbeiderpartiregjeringa som overtok var meir tilbakehalden i innvandringspolitikken enn den førre, og let vere å følge opp sentrumsregjeringa, seier ho.

Uavhengig innvandringspolitikk

Det politiske fargekartet i Noreg ser dermed ut til å vere ein god indikator på den nasjonale innvandringspolitikken. Dette er langt frå sjølvsagt. Mellom anna peikar Gudbrandsen på byråkratiet si rolle, ei rolle som medfører at det er byråkratane som tek seg av saksbehandling og den daglege forvaltinga av lover og reglar som regulerer kven som får opphald og ikkje. Det viser seg også at færre innvandrarar får opphaldsløyve i periodar med høg arbeidsløyse i Noreg.

Ei rekke ytre forhold påverkar også innvandringspolitikken. Norske regjeringar kan ikkje drive politikk utan tanke på kva andre land foretek seg.

– Ingen vil vere meir liberale enn andre, fordi eit rykte som liberal vil kunne føre til ein større pågang av asylsøkjarar. Det går føre seg eit utstrakt samarbeid mellom dei europeiske landa på overnasjonalt nivå, og det kunne tenkjast at dette ville ha større påverknad på innvandringspolitikken enn partifarge, seier ho.

Det er også slik at interne forhold i land som asylsøkjarar og flyktningar kjem frå er med på å påverke innvandringa. Fleire som kjem frå land med mykje politisk vald eller frå land der staten ikkje klarer å gje beskyttelse får opphald. Somme hevdar jamvel at nasjonale regjeringar ikkje har makt til å styre innvandringspolitikken fordi kvart land er så bunde av internasjonale avtaler og konvensjonar, ifølge Gudbrandsen.

Gudbrandsen sitt doktorgradsarbeid tyder likevel på at dette ikkje er tilfellet for Noreg.

– Den norske innvandringspolitikken verkar å vere relativt uavhengig av andre land, seier ho.

Artikkelen er henta frå UiB si nettavis På Høyden.

 

Fakta/ partipolitikk og innvandring

  •  Doktorgradsarbeidet til Frøy Gudbrandsen dreier seg om i kva grad innvandringa er politisk styrt. I det paperet som artikkelen i På Høyden er basert på, er det flyktningeinnvandring til Noreg som er tema. Innvandring gjennom familiegjenforeining er ikkje med i dette paperet.
  • I dei to neste papera tek Gudbrandsen føre seg innvandringa til både Noreg, Danmark og Sverige. Det eine er ein kvalitativ analyse av korleis partipolitikken har påverka endringane i familieinnvandringspolitikken. I det siste paperet vert samspelet mellom befolkninga sine haldningar til innvandringspolitikk og den politikken som blir ført drøfta.
  • Analysen går fram til 2005. Den fangar difor ikkje opp den raud-grøne regjeringa sin innvandringspolitikk.