Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Holbergprisen 2009 til Ian Hacking

Filosofen og vitskapsteoretikaren Ian Hacking får Holbergs internasjonale minnepris for 2009.

Hovedinnhold

– Eg vart svært overraska då eg fekk telefonen frå Bergen. For meg var det som å vinna i lotteriet. Det er sjølvsagt ei ære for meg å få denne prisen, seier professor Hacking på telefon frå Toronto i Canada.

Den kanadiske vitskapsfilosofen vert den sjette mottakaren av Holbergs internasjonale minnepris. Hacking er professor ved Universitetet i Toronto og Collège de France, og har gjeve ut 13 bøker, fleire av dei oversette til norsk.

Holbergprisens fagkomité skildrar Hacking som ein av dei viktigaste filosofane og vitskapshistorikarane i vår tid.

"Hans kombinasjon av stringent filosofisk og historisk analyse har fundamentalt endret vår forståelse av hvordan sentrale begrep oppstår gjennom vitenskapelig praksis og i bestemte sosiale og institusjonelle sammenhenger. Hans arbeid avdekker natur- og sosialvitenskapenes normative og sosiale implikasjoner." Dette  skriv fagkomitéen i si grunngjeving for innstillinga, som er kunngjort på Holbergprisen sine nettsider.

Nyfiken forskar

– Eg har arbeidd med mange ting til forskjellige tider. Først og fremst er eg ein særs nyfiken person. Eg er interessert i korleis menneska tenkjer, tenkjinga sin kulturelle og historiske evolusjon. Ein annan ting som alltid har vore nært hjarta mitt er korleis menneske påverkar kvarandre, seier prisvinnaren sjølv om forskinga si. 

Harald Johannessen, førsteamanuensis ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier, meiner fagkomitéen har gjort eit godt val.

 – Hacking har vore leiande innan statistikk og sannsynsberekningar. Det slåande ved han er at han tidleg fatta interesse for språkteori og Michel Foucault. I si forsking har han brukt fakta og empiri som folk flest ikkje har sansen for eller evna til å setja seg inn i, seier Johannessen.

Ragnar Fjelland er professor ved Senter for vitenskapsteori. Han kjenner Hacking etter å ha vore to periodar ved University of Toronto, og er samd med Johannessen i at Hacking er ein framifrå vinnar.

– For det første er han ein særs original og kreativ forskar. For det andre er han botnsolid. For det tredje er han ein stor brubyggar mellom forskjellige tradisjonar. Dette gjer han til ein formidabel kandidat og vinnar av Holbergprisen i år. Eg vil også leggja til at han er eit særs sympatisk menneske. Det er nok av dei som er sjølvhøgtidelege, Hacking er definitivt ikkje ein av dei,  seier Fjelland

Fagleg mangfald

Holbergprisen vert delt ut til forskarar innan humaniora, samfunnsvitenskap, juss og teologi. Hacking peiker på at mangfaldet gjer at fagfelta speler ei viktig rolle i dagens samfunn.

– Det er mange, mange roller. Ein skulptør lærer oss å sjå på menneska på ein heilt annan måte enn ein forskar. Me gjer alle forskjellige ting for å sjå menneska. Det viktigaste og samlande aspektet er at me studerer kva det er å vera eit menneske. Sjølv har eg ein tendens til å leggja vekt på dei rasjonelle aspekta ved menneska.

Han trur Holbergprisen og andre prisar kan skapa merksemd rundt humaniora og samfunnsvitskap.

– Modellen for slike prisar er sjølvsagt Nobels Fredspris. Den har hundre år bak seg, og alle kjenner godt til han. Eg trur nok ikkje det gjeld i same grad for «yngre» prisar som Holbergprisen og Kyotoprisen, til dømes, men dei har eit viktig mål om å koma dit ein dag. Noko eg set stor pris på ved Holbergprisen er at han skapar merksemd rundt yngre forskarar gjennom Nils Klim-prisen. Det er eg stolt av å vera ein del av, seier Hacking.

Klim-pris for aristotelisk nytolking

Nils Klim-prisen går i år til David Bloch, professor ved Københavns Universitet. Forskingsområda hans er gresk og latinsk filologi og antikkens og middelalderens filosofi. I si doktoravhandling lanserte han det fagkomitéen i Nils Klim-prisen kallar ei original nytolking av Aristoteles sin teori om hukommelsen og ei analyse av korleid denne teorien vart motteken av muslimske og kristne forfattarar i middelalderen. Seinare er Bloch publisert både på dansk og engelsk. Det vitskaplege arbeidet hans har særleg fokusert på den aristoteliske tradisjonen i middelalderen, men også andre tenkjarar.

– Når David Kristian Blochs kompetanse favner så bredt, blir hans arbeid også av stor interesse for alle som ønsker en dypere forståelse av opprinnelsen til de teoretiske ideene som har formet den moderne verden. Dette skriv fagkomiteen i si grunngjeving for prisen til Bloch.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.