Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Juss blir ekstra tilgodesett

Då universitetsstyret fordelte dei ekstra millionane frå regjeringa, fekk Det juridiske fakultet ekstra prioritet.

Hovedinnhold

 

Like før jul fekk UiB 16,2 millionar kroner ekstra å rutte med i årets budsjett. Då universitetsstyremøtet fordelte denne potten sist torsdag, gjekk det meste til fakulteta.

Mens dei fleste fakulteta får ei påplussing i underkant av ein prosent av det opphavlege budsjettet, utgjer dei to millionar kronene ekstra til det juridiske fakultet 2,3 prosent auke.

– At me får meir enn dei andre fakulteta, kjem ut frå ei erkjenning om at juss er underfinansiert, seier Ernst Nordtveit, dekan ved det juridiske fakultet.

 

Då budsjettet for 2009 vart fordelt i november i fjor, uttrykte Nordtveit at det juridiske fakultet trong 8,5 millionar kroner i realvekst for å kunne halde oppe dagens undervisnings- og forskingsopplegg. Juridisk fekk ei auke på 8,3 millionar kroner, men ifølge Nordtveit skrumpa dette inn til 4,5 – 5 millionar kroner om ein tar omsyn til pris- og lønskompensasjon.

Med dei to ekstra millionane no, har juss dermed fått ei auke på 7 millionar kroner. Dei to millionar kronene kjem ikkje som ei overrasking på Nordtveit. Han har vore kjent med innstillinga til fordeling sidan like før jul.

– Det er gledeleg at me får denne ekstrabevilgninga, og det var viktig for unngå dramatiske kutt i undervisning og forsking. Nokre kutt har me likevel vert nøydde til å  gjennomføre, juss er framleis svakt finansiert, seier Nordtveit.

Ifølge Risautvalet sin rapport frå i fjor, er Det juridiske fakultet underfinansiert i forhold til kor store summar fakultetet genererer. Risa-utvalet sitt mandat var å drøfte den eksisterande fordelingsmodellen ved UiB og komme med forslag til ein ny modell for disponering av statens overføringar.

Berekninga frå Risa-utvalet viste også at dei tre allmennfakulteta SV, MN og HF, alle får meir i tildelingar enn dei genererer sjølve.

– Ettersom budsjettfordelinga er ein lang prosess, er det først i budsjettet for 2010 at fordelingsnøkkelen til Risa-utvalet kan bli implementert, dersom ein vel å følgje denne, seier økonomidirektør Kjell Bernstrøm. 

Denne artikkelen er henta frå På Høyden.