Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Nyhet fra På Høyden

Ustabilt hav

Kan havet redda oss frå klimakatastrofe? Prosjektet CarboOcean har i fem år leita etter svaret. Under klimakonferansen i desember syner NRK2 ein halvtimes film om prosjektet.

Hovedinnhold

CarboOcean er eit større internasjonalt EU-prosjekt, leia frå BCCR og Universitetet i Bergen. Prosjektet tok til i 2005. Samstundes byrja Univisjon å dokumentera prosjektet.

Havet lagrar CO2

Resultata frå EU-prosjektet tilseier at me bør redusera CO2-utsleppa meir enn ein har trudd tidlegare. Etter fem års arbeid med prosjektet konkluderer forskarane med at utsleppsavgrensingane som er sette for å kunna hindra den globale gjennomsnittstemperature i å stiga med meir enn to grader, ikkje er strenge nok.

I Nord-Atlanteren og i Sørishavet finst det område som kan regnast som sluk for karbondioksid, fordi havet her tar opp meir CO2 enn det gir frå seg. Nord-Atlanteren er det havområdet som tar opp mest CO2. Målingar utført i prosjektet syner derimot at opptaket er langt mindre stabilt enn venta. Sidan tidlig på 2000-tallet har evna til å ta unna CO2 i disse områda avtatt.

– Høgt vitskapleg nivå

Andrea Volbers er prosjektleiar for CarboOcean. Ho meiner Univisjon sin film lukkast i formidla det komplekse prosjektet.

– CO2 og problematikken rundt det er ikkje så lett å visualisera, men det er løyst på ein god måte i filmen. Den held eit høgt vitskapleg nivå, og forskarane som var involverte er også særs nøgde med resultatet, seier Volbers.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.